Når elevar vert lærarar  
25. mars 2019

Når elevar vert lærarar

- Det var rart å stå framfor alle dei som lærte opp meg og prøve å lære dei noko, seier Marte Iren Noreng Trøen. Både ho og Hanne Våge er tidlegare nynorskpraktikantar, og dei jobbar no i høvesvis P3nyheter og P3 på Tyholt. Der har dei opparbeidd seg god kompetanse på [...]
» Les meir

Nygård leiar for Kringkastingsringen  
21. mars 2019

Nygård leiar for Kringkastingsringen

- Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takke for tilliten, seier Kathrine Nygård i ei pressemelding frå Kringkastingsringen. Nygård var hausten 2016 nynorskpraktikant på kull 25. Sidan har ho arbeidd i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Frå hausten 2018 har ho vore frilansar. No overtek [...]
» Les meir

Mål om 200 på nynorskkurs  
8. mars 2019

Mål om 200 på nynorskkurs

Berre i løpet av 2018 var om lag 120 journalistar og andre tilsette i NRK på nynorskkurs i regi av språksjefen, NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter. No er kurshaldarane Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu i gang igjen: Nyleg sette over 20 journalistar og fotografar i NRK Sogn [...]
» Les meir

Praksisplassane klare for kull 30  
21. februar 2019

Praksisplassane klare for kull 30

Tonje Noreng Trøen (frå venstre) skal ha praksis i Supernytt, der dei lagar nyhendesendingar for born frå 8 til 12 år. Ho har fått seg sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Idunn Lavik skal til innanriksredaksjonen i NRK Nyhende. Ola Weel Skram skal ha praksis i NRK Sogn og Fjordane [...]
» Les meir

Det går fint med kull 29  
12. februar 2019

Det går fint med kull 29

Elise Kvien (1996) har praksis i P3Nyhenda på Tyholt og har presentert nyhenda på P3 store delar av praksistida. Ho har fått eit vikariat i NRK Nyhende på Marienlyst frå mars til august og er storfornøgd med det. - Det vert aldri for mykje nyhende for meg, seier Elise Kvien. [...]
» Les meir

Arianrhod programleiar i NRK P3  
12. februar 2019

Arianrhod programleiar i NRK P3

- Eg gler meg til å få endå meir erfaring som programleiar på radio, bli betre kjent med P3-lyttaren og til å få ta ein større del i kanalen som eg er så glad i. Å vere programleiar på P3 har jo vore draumen sidan eg tok media på vidaregåande, [...]
» Les meir

Debuterte live i mP3 etter fire dagar  
11. januar 2019

Debuterte live i mP3 etter fire dagar

Elise Kvien har fått prøve seg live fleire gonger, og har vore gjennom ein morgon med sendingar kvar halvtime i P3morgen. Ein merkar godt at Elise har erfaring med å vere på lufta og er godt vant med å avvikle sendingar (frå Radio Ålesund). Ho har allereie fått oppleve at [...]
» Les meir

Kringkastingssjefen er flau  
7. januar 2019

Kringkastingssjefen er flau

– Eg synest det er litt flaut at vi ikkje har klart det. Vi har ikkje vore langt unna med 23 og 24 prosent. No har eg lova at vi skal få til 25 prosent nynorsk i inneverande år, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. For å klare dette treng han hjelp [...]
» Les meir

Fast jobb i NPK  
3. januar 2019

Fast jobb i NPK

- Etter tida mi som nynorskpraktikant i Førde var eg nyheitsreporter i NRK Dagsnytt fram til sommaren 2011. Etter det jobba eg i NRK Sogn og Fjordane og NRK Møre og Romsdal før turen gjekk tilbake til Oslo for å ta ein mastergrad i historie, seier Bjørn Ivar Voll. Etter at [...]
» Les meir

150 nynorskpraktikantar  
3. januar 2019

150 nynorskpraktikantar

- Det er ein liten milepel med 15 års drift, 150 nynorskpraktikantar og å ha fått kull 30 i hus. Ekstra kjekt er det at det er med ein telemarking og ein valdris på laget denne gongen. Vi prøver å gjere vårt for at nynorsk ikkje skal bli berre eit [...]
» Les meir