1. september 2010

Jærbu - rysta ikkje rørt.

Den einaste plassen der eg aldri har gått meg vill, er på Bryne. Der vaks eg til gjengjeld opp, og eg brukte mykje tid ute i leik og galskap. Etterkvart som eg har flytta rundt, har eg hatt nærast obligatoriske turar der eg brått stansar opp og tenkjer ting som til [...]
» Les meir

 
27. august 2010

Framfusne ferskingar i mediesirkuset

No er vi endeleg i gong med blogginga! For alle nynorskpraktikantane er dette første innlegg. Vel, i skrivande stund er nok dette mitt andre. Det første gjekk nemleg ut i det store intet då eg skulle lagre før arbeidsdagen slutta. Typisk? Joda. Men eg hadde på førehand høyrt snakk om dette programmet [...]
» Les meir

 
27. august 2010

Om blogging, NRK Nynorsk mediesenter og barmfagre blondiner

Blogging har for meg vore noko som har vore øyremerka tenåringsjenter, pr-kåte å-kjendisar og glamourmodellar (no går kanskje dei fleste glamourmodellar inn under kategorien å-kjendis, men det får verte ein diskusjon i ein annan blogg). No skal altså eg òg kaste meg ut i dette, og kva kategori av dei som [...]
» Les meir

 
27. august 2010

Førdex

"Eit mangfaldig samfunn skapar einfaldige individ." Omtrent slik er kortversjonen av kritikken den russiske filosofen Nikolaj Mikhailovskij fremja mot kapitalismen for godt over hundre år sidan. Han meinte mennesket har godt av å vera mangfaldig, av å nytte ulike sider ved seg sjølv, og at dette var noko kapitalismen med sine fabrikkar og krav til [...]
» Les meir

 
27. august 2010

Den fyrste blogg eg skriva fekk...

På torsdag for ei veke sidan kom eg og far min susande opp til Førde. På fredagen troppa eg opp i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og fekk den fyrste omvisinga. Velkomsten var upåklageleg, og det kjendes som eg kom rett inn i varmen. På måndag byrja me på kurset. [...]
» Les meir

 
27. august 2010

Praktikant Vegard, kull 13, melder om god veke

Veka starta med formelle helsingar frå senterleiar Magni Øvrebotten og distriksredaktør Rolf Sanne-Gunnersen og omvising på NRK Sogn og Fjordane-bygget. Dagane har byrja kl.08.00 med å skaffe seg eit kjapt overblikk over nyheitene gjennom NRK og lokalavisene i fylket. Så har praktikantane observert redaksjonsmøte på morgonane kl.08.10. Etterpå har den praktiske opplæringa starta i andre etasje [...]
» Les meir

 
26. februar 2010

Siste praksisdag

Og vips - så var tida som nynorskpraktikant over. I dag har eg fått handkle, kopp og pizza av Norgesglasset i avslutningsgåve. Men eg er tilbake allereie på måndag, eg, denne gongen som tilkallingsvikar. Hovudsakleg i magasinredaksjonen, men Tyholt er så lite at eg kan brukast på heile huset der det er behov. Eg har [...]
» Les meir

 
22. februar 2010

OL!

Eg har gjort mitt beste for å unngå OL. Men som journalist er det umogleg! Eg klarer ikkje å unnsleppe OL når det er toppsaken i Dagsnytt, hovudoppslaget i aviser og nettaviser og tema i sendingane til Norgesglasset - dog med vår eigen vri. I tillegg har eg vorte eksponert for OL [...]
» Les meir

 
16. februar 2010

Fleire smaksprøver frå Glasset

Ny bloggoppdarering med saker eg har hatt på lufta i Norgesglasset! Dagen i dag 03. februar - The day the music died Bingovertar er sjukast Dagen i dag 08. februar - Pippi debuterte på svensk fjernsyn (OBS: Grunna problem under sending manglar ein liten del av innslaget.) Dagen i dag 10. februar - Sølibatet [...]
» Les meir