Kvar vart tida av?  
17. februar 2016

Kvar vart tida av?

  Veke 1 Eg trur eg kan skriva under på at det var ein spent gjeng som møtte på NRK fyrste dag. Heldigvis vart me tatt godt imot av mediesenteret og redaksjonen. Me fekk omvising, gjennomgang av opplæringsplanen og kort innføring i korleis redaksjonen fungerte. Seinare på kvelden vart me beden ut på ein hyggeleg middag [...]
» Les meir

Besøk av Olav Viksmo Slettan  
16. oktober 2015

Besøk av Olav Viksmo Slettan

    Lite visste me om kva dagen skulle by på. Det einaste me var sikre på, var at me skulle ut og intervjue folk direkte på radio. Og fleire av oss kjente på nervane. I løpet av to effektive timar lærte me tips og triks for korleis vere ein god direktereporter og [...]
» Les meir

Operatur til Nordfjordeid  
2. oktober 2015

Operatur til Nordfjordeid

Nokre av praktikantane dekte oppsettinga for NRK Sogn og Fjordane - Me laga ei sak der me følgde ei jente som dansar ballett i operaen både før og etter framsyninga. Det var veldig kjekt å sjå korleis ho budde seg til premieren, seier Line Omland Eilevstjønn. Kjersti Anderdal Bakken syntest også det var gøy å [...]
» Les meir

Takk for oss!  
30. april 2015

Takk for oss!

Magni, Randi og Terje hadde slik som skjorene bygd eit stort og komfortabelt reir som vi plumpa ned i ein kald januardag. På “loftet” som det blir kalla her på huset ruga dei ut uklekte journalistspirer og lærte oss grepa som må til for å klare oss i den store [...]
» Les meir

Om Førde City, vindfulle vegar og ei tomatplante.  
30. januar 2015

Om Førde City, vindfulle vegar og ei tomatplante.

Eg var med andre ord ikkje veldig gira på å bu i denne mykje omtala byen, då eg sette meg i bilen på veg mot vest. Her forlèt eg det trygge fjellet på austlandet, ein plass der det aldri stormar, der snøen ligg som melis og der sola alltid skin. [...]
» Les meir

Då nynorskpraktikantane møtte Ivaren: eit reisebrev  
14. april 2014

Då nynorskpraktikantane møtte Ivaren: eit reisebrev

Oppe i ei li ein stad mellom Ørsta og Volda ligg fødestaden til Ivar Aasen. Her pleier kvart kull med nynorskpraktikantar å valfarte til, og slik vart det òg med oss på kull 20. Saman med Magni Øvrebotten, Arve Sandal og nynorskpraktikantane frå Nynorsk avissenter, bila me nordover på nynorsktur [...]
» Les meir

Oslotur med praktikantgjengen!  
13. april 2014

Oslotur med praktikantgjengen!

I byrjinga av mars fekk vi praktikantane reise på tur til Oslo for å besøke sjølvaste NRK Marienlyst. Det var veldig spennande å ta turen til Marienlyst og sjå korleis dei jobbar der. I tillegg fekk vi møte ein del av dei tidligare nynorskpraktikantane som i dag jobbar under ulike [...]
» Les meir

Nynorskpraktikant - ei reise i journalistikken og i Sogn og Fjordane  
13. april 2014

Nynorskpraktikant - ei reise i journalistikken og i Sogn og Fjordane

No er vi allereie kome over halvvegs i den interne praksisen, og tida her i Førde berre flyg forbi. For min del har det vore tre spennande månadar så langt. Til no i den interne praksisen har eg vore på radio, nett og no er eg på radio-sending. Dei to [...]
» Les meir

Pølsefylling og den vesle, tjukke mannen i underbuksa: å kome på ein idé  
10. mars 2014

Pølsefylling og den vesle, tjukke mannen i underbuksa: å kome på ein idé

Og brått er han der. Den vesle, tjukke og skitne mannen som i berre underbuksa kjem brasande ut av eit vindskeivt og skrøpeleg skur oppi hjernen din ein stad. Det er Kreativiteten. Han hoppar, skrik og sprett, slår seg på låret, riv seg i håret og ropar ut idear. Men motrøyrsla [...]
» Les meir

Å springe orientering i det (ny)norskspråklege landskapet  
4. mars 2014

Å springe orientering i det (ny)norskspråklege landskapet

Eg ser ein skogbotn der insisterande lauvskog av sentraliserte nydialektar, bokmål og engelsk veks fram, rundt og over nynorske og dialektreine furustammer. Lauvskogen stel jordsmonn og sollys frå furuene, og lar dei stå utarma og blasse igjen og svimle i vinden. Slik kan ein velje å sjå på det. Men ein kan [...]
» Les meir