Endeleg nynorskpraktikant!  
9. januar 2013

Endeleg nynorskpraktikant!

Det er fint å endeleg vere på plass i Førde. Alle jentene på kull 18 bur i det såkalla Bettenhuset, eit koseleg  hybelhus berre eit steinkast unna NRK. Eg trur livet som hybelbuar kan bli fint. Sambuar Hanne har allereie proklamert seg sjølv som ein fantastisk bakar, og har lova [...]
» Les meir

Mine første dagar i Nynorsk Mediesenter  
9. januar 2013

Mine første dagar i Nynorsk Mediesenter

Eg har no vore ei veke i NRK Sogn og Fjordane, som nynorskpraktikant. Til no har vi lært om mellom anna tekstbehandlingsprogram, lydopptaking og lydredigering. Eg har fått eit godt inntrykk, både av NRK, og min nye heimby, Førde. Det som er bra med Førde, er at byen har passeleg storleik, [...]
» Les meir

 
20. desember 2012

Siste dag i Førde

Då er det siste dag på jobb i NRK Sogn og Fjordane, iallfall for i år. Etter nyttår går turen til Dagsnytt, og eg kjenner at det vert vemodig å reise herifrå. Det har vore ein flott og trygg plass å få opplæring med svært dyktige og imøtekomande kollegaer. Eg [...]
» Les meir

 
19. desember 2012

Det skjer under

I går vedtok styret i NRK å opprette eit sjølvstendig NRK Finnmark på nytt, etter at det eldste distriktskontoret i NRK vart lagt ned i 2002. Det er eit under! - Spydspiss i regionaliseringa av Norge Eg er slett ingen uhilda person i dette tilfellet, då eg i 2001/2002 kjempa saman med dåverande distriktsredaktør [...]
» Les meir

- Språket er slottet vårt  
26. november 2012

- Språket er slottet vårt

- Vi har ikkje så mange slott og minnesmerke her i nord, som minner oss om historia, slik dei har nedover i Europa. Men vi har orda, dei er slotta våre, sa Vigdis Finnbogadóttir på den årlege Språkdagen til Språkrådet 13. november. Ho oppmoda skandinavisk ungdom til å snakke språka sine [...]
» Les meir

Nynorsk forum  
12. november 2012

Nynorsk forum

Sist fredag vart det skipa eit Nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Kva barnet skal heite er ikkje avgjort enno, men det mest nynorske av alle fylka i landet har tenkt å ta den statusen på alvor. Det er på høg tid. Vi har altfor lenge teke nynorsk som sjølvsagt i Sogn og [...]
» Les meir

Kom døl, halling og trønder  
11. oktober 2012

Kom døl, halling og trønder

Eg nektar å godta at nynorsk er eit språk berre for vestlendingar. Men eg treng hjelp for å bli styrka i trua. Frå setesdøler, telemarkingar, hallingar, valdrisar, døler, trønderar og nordlendingar. Gjerne via søknadsbunken til NRK Nynorsk mediesenter. Fyrste høve er å søkje 15. oktober. 18 prosentAv 85 nynorskpraktikantar har 70 vore vestlendingar, berre 15 har [...]
» Les meir

Kleiv eller sti?  
28. september 2012

Kleiv eller sti?

I går vedtok Førde bystyre, med 15 mot 12 røyster, at den nye stien frå sentrum til toppen av Hafstadfjellet skal heite "Hafstadkleiva". Mindretalet ville kalle han "Bystien". Mange vart overraska over at namnevalet skapte både debatt og kløyvde fleire bystyregrupper. Rådmannen og krinsen kring han trudde "Bystien" var så innarbeidd at det ikkje [...]
» Les meir