Kommunikasjonsrådgjevar NMBU  
8. november 2018

Kommunikasjonsrådgjevar NMBU

Jobben er svært variert og går ut på å formidla forsking for dei to prosjekta ved hjelp av ulike kanalar; som røkting av nettside og profilar i sosiale media, skriving av kronikkar og pressemeldingar, innsal til media, deltaking og arrangering av konferansar og seminar, nyhendebrev, m.m. - Eg likar å bidra [...]
» Les meir

Simon Solheim gjesteførelesar  
7. november 2018

Simon Solheim gjesteførelesar

Måndag 19. november er det nyhendeanker Ingunn Solheim, i NRK Nyhende, som er gjesteførelesar. Overskrifta på førelesinga hennar er "For meg er nynorsk sjølvsagt". Ho var nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane i 1999, og gjev praktikantane råd med rot i eigne røynsler og arbeidsmåtar. Den 26. november reise nynorskpraktikantane i [...]
» Les meir

Dette er kull 30  
31. oktober 2018

Dette er kull 30

Medrekna kull 30 har vi tilsett 150 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Kull 30 skal byrje på opplæringa i Førde 3. januar og er ferdig med halvåret som nynorskpraktikantar 30. juni 2019. Idunn Lavik, frå Voss i Hordaland, fødd 1995. Studerer juss ved Universitetet i Oslo og er aktiv i ungdomsorganisasjonen [...]
» Les meir

56 prosent arbeider i media  
30. oktober 2018

56 prosent arbeider i media

På denne nettsida finn du oversikt over kvar dei som har gått NRK Nynorsk mediesenter arbeider. Bilete er av det siste kullet, som var ferdige som praktikantar 1. juli. Bortsett frå ein hadde alle sommarjobb i NRK, medan den eine gjekk attende til jobben som prest i Forsvaret. Anders Martin Helle [...]
» Les meir

Praksisplassane for kull 29 klare  
23. oktober 2018

Praksisplassane for kull 29 klare

Frå venstre: Birgitte Vågnes Bakken (1993) skal ha praksisen sin i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, Ida Yasin Andersen (1992) skal til NRK Hordaland, Elise Kvien (1996) skal til P3-nyhenda på Tyholt, Solveig Nyhus Aksnes (1995) til NRK Møre og Romsdal og Ingvild Aleksandra Eide (1993) til NRK Hordaland. - Dette er [...]
» Les meir

14 til konferanse  
18. oktober 2018

14 til konferanse

- Vi tilset aldri folk utan jobbintervju, nynorsk- og studiotest. Til saman tek det omlag to timar og då har vi eit nokolunde inntrykk av søkjaren, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho tilset kull 30 saman med faglærar Rune Fossum Lillesvangstu. Vona er å tilsette til 1. november, [...]
» Les meir

Søknadsfrist 15. oktober  
10. oktober 2018

Søknadsfrist 15. oktober

Du finn utlysinga her - Vi ynskjer oss nynorskbrukande søkjarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Sidan nynorsken er mest brukt på Vestlandet er det naturleg nok flest søkjarar frå dei fire Vestlandsfylka. Men for oss er det viktig å medverke til at dialektane frå både nord-, midt-, sør- og [...]
» Les meir

Fast jobb i BT for Ingvild Nave  
4. oktober 2018

Fast jobb i BT for Ingvild Nave

- Vi får sjå kva framtida byr på, men truleg vert eg ein del av BT si satsing på lyd framover. Så eg får absolutt bruk for alt eg lærde i Nynorsk mediesenter, seier Ingvild Nave. Ingvild Vereide Nave (1990) gjekk NRK Nynorsk mediesenter våren 2011, og flytta etterpå til Bergen [...]
» Les meir

Wilhelm Støylen til Super  
3. oktober 2018

Wilhelm Støylen til Super

Super-redaksjonen i Førde er oppretta for å få meir nynorsk og kvardagsliv i barneprogramma i NRK. Det er tre tilsette i redaksjonen. Pioneren i dette arbeidet, Eva Westvik, sluttar til jul for å bli journalist i Fjordenes Tidende i Måløy. Det er jobben etter henne Wilhelm Støylen har fått. Støylen er [...]
» Les meir

Elise og Ronny løyste saka  
28. september 2018

Elise og Ronny løyste saka

- Etter at saka har fått brei dekning i NRK har vi skjønt at russekort med raudruss-logo ikkje kan vere dyrare. Vi har difor valt å tilby russekorta med raudruss-logo som standard og utan tillegget på hundre kroner. Det skreiv dagleg leiar Ole Jørgen Smedsrud i Russeservice til NRK i [...]
» Les meir