30. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Kill your darlings

«Kill your darlings» «Du må ha meir fokus» «Saka di må ha meir framdrift!» Dette er berre nokre få utdrag av tilbakemeldingane me fekk på radiosakene våre i førre veke. Gong på gong måtte eg lese inn nye blokker, endre på rekkjefølga, og kutte ned på saka mi. Etter å ha blitt pirka på i […]

Stille.sending.B500

«Kill your darlings» «Du må ha meir fokus» «Saka di må ha meir framdrift!» Dette er berre nokre få utdrag av tilbakemeldingane me fekk på radiosakene våre i førre veke. Gong på gong måtte eg lese inn nye blokker, endre på rekkjefølga, og kutte ned på saka mi. Etter å ha blitt pirka på i ei veke av både Randi (Pirkebø) og Tone Lin (Pirking Skovro), bestemde eg og Adalheidur (Alla) oss for å lage eit lita overrasking til lærarane våre, og resten av kollegaene våre, noko som forresten vart særs godt motteke. Korleis det gjekk kan du lese HER. På tysdag fekk eg mi første sak på lufta, og den kan du høyre HER og lese HER. Det vart mykje reklame her no, men det får berre vere. Det er ikkje kvar dag ein får første saka si på lufta.

Ellers går dagane fort her i Førde. Denne veka arbeider me i hovudsak med nett, og i dag fekk me opplæring i Polopoly, publiseringsverktøyet til NRK sine nettsider. På toppen av det heile har me denne veka matpakkekonkurranse på jobb grunna utskiftning av kjøken. Det inneber at ein skal lage finast mogleg niste, for så å ta bilete av det, og sende det inn. Såkalla «food art» som nokon likar å kalle det, og på måndag vart eg overraskande nok éin av to dagsvinnarar, etter å ha pynta skjeva mi med litt agurk og paprika. Sidan det fungerte så godt då rekna eg nesten med at eg kunne helde fram på same sporet, og til slutt hanke inn hovudpremien. Når det nærma seg lunsjtider på tysdag viste det seg diverre å vere feil – gribbane hadde våkna. Nistepakkar i alle moglege formar (og uformar) var å sjå, og med mi lusne skjeve med paprika og agurk, kunne eg berre gløyme dagens heder og ære. Eg har derimot lært av tysdagens brølar, og lover å komme sterkt tilbake i dagane som kjem.

Så dersom du er ein av mine kollegaer som briljerte lunsjkonkurransen på tysdag, ville eg ikkje følt meg for trygg i dagane som kjem. Sjølv om du er ein av dei som laga tre rettars lunsj i går (kake er ikkje lunsj!).