14. oktober 2016

Kjersti får vikariat

Kjersti Anderdal Bakken har forseinka praksis i Norgesglasset på Tyholt frå 5. september til 1. november. Ho gjekk på kull 23 og skulle vore ferdig til 1. mars i år, men måtte operere eit kne før ho kunne ta praksisen. Når den er over får ho eit vikariat på Tyholt.

— Eg besøkte ei strålande nøgd Kjersti i ekstern praksis sist veke, og dei som hadde ansvaret for ho i praksis var også svært nøgde med henne. Frå 1. november går ho over i eit vikariat på Tyholt der ho skal arbeide for livssynsredaksjonen, Norgesglasset og Kveldsåpent. Betre kan det ikkje gjerast, seier Magni Øvrebotten.

Det høyrer med til historia at Kjersti Anderdal Bakken (1990) var sommarvikar i Nattradioen frå Tyholt, der ho var programleiar, og arbeidde fram til ho byrja i forseinka praksis. – Eg er glad for at redaksjonssjef Henning Olstad gav henne den sjansen, slik at Kjersti kom seg raskt i gong att etter operasjonen og fekk halde ved like det ho hadde lært som nynorskpraktikant, seier Øvrebotten.