22. oktober 2010

Klar, ferdig… stup i det!

Så skulle vi altså vere klare. Tysdag startar journalistarbeidet i NRK Sogn og Fjordane.Då skal vi produsere stoff til TV, radio og nettavis.Her, mellom aviser og journalistar skal vi lande med brask og bram neste veke. Eg skal jobbe med førstnemnde dei to neste vekene, og er spent på korleis det kjem til å gå.Førebels har eg bare […]

Så skulle vi altså vere klare. Tysdag startar journalistarbeidet i NRK Sogn og Fjordane.Då skal vi produsere stoff til TV, radio og nettavis.Her, mellom aviser og journalistar skal vi lande med brask og bram neste veke.Redaksjon

Eg skal jobbe med førstnemnde dei to neste vekene, og er spent på korleis det kjem til å gå.Førebels har eg bare vore med og laga to reportasjar til nett-TV. Ein som kameramann og ein som reportar.Desse kan du sjå her:

Kyr er også luksusdyr

Ein truga kulturskatt

Om to veker kan eg nok skilte med fleire reportasjar til fjernsyn. Det er målet.Kor bra dei blir er eit anna spørsmål. Eg lurer veldig på dette sjølv.Først og fremst må eg få fram forteljinga. Sjølve saka må bli bra og forståeleg.Så må eg ta dei tekniske utfordringane som dei kjem. Det er der den største delen av spenninga ligg. Blir det bra TV? Kor godt klarar eg å snekre saman det visuelle?Knusing av egg kan fort bli min spesialitet dei neste vekene, sjølv om eg er innstilt på å lage så god omelett som mogleg.

På vegen blir det viktig å ta til seg nederlaga, og dyrke oppturane.Eg følgjer difor IBM sin grunnleggjar, Thomas J. Watson, sine ord:- Om du vil oppnå suksess raskare, kan du bare doble antall nederlag. Suksessen finn du på den andre sida av nederlaget.

På desken har dei spurt oss om kor mykje vi gler oss til å starte arbeidet.På ein skala frå ein til ti vil eg seie at eg er godt over 5. Eg ser verkeleg fram til å jobbe mot deadline og sending!

Ikkje avskremd, altså. Bare utruleg spent.