20. desember 2013

Klare for den store verda

Lærerikt, artig, slitsomt og krevande var ord som gjekk igjen i dag om hausten dei har lagt bak seg.

Etter fire intense månedar med opplæring og intern praksis i NRK Sogn og Fjordane, er kull 19 klare for ekstern praksis.

Frå nyttår er det redaksjonar landet rundt som blir staden der dei skal lære meir.

Lærerikt, artig, slitsomt og krevande var ord som gjekk igjen i dag om hausten dei har lagt bak seg.

-Eg hadde ikkje trudd det skulle vere så krevande seier Lars Ivar Nordal som no skal vidare til Kulturnytt.

Praktikantar på djupt vatn

I NRK Sogn og Fjordane har dei blitt kasta ut på djupt vatn. Alt frå TV saker med kort redigeringstid, til direkterapportering på radio, har dei fått oppleve den siste tida.

Leiar for Nynorsk Mediesenter, Magni Øvrebotten seier mediesenteret er takksame for at NRK Sogn og Fjordane viser denne tilliten og let praktikantane verkeleg få prøve seg.

– Den einaste måten å lære noko skikkeleg på er å prøve det i praksis. Vi kan forelese så mykje vi vil, men utan mengdetrening på nett, radio og TV så blir det ikkje journalistar av praktikantane vi sender i frå oss seier Øvrebotten.