11. oktober 2012
av Magni Øvrebotten

Kom døl, halling og trønder

Eg nektar å godta at nynorsk er eit språk berre for vestlendingar. Men eg treng hjelp for å bli styrka i trua. Frå setesdøler, telemarkingar, hallingar, valdrisar, døler, trønderar og nordlendingar. Gjerne via søknadsbunken til NRK Nynorsk mediesenter. Fyrste høve er å søkje 15. oktober. 18 prosentAv 85 nynorskpraktikantar har 70 vore vestlendingar, berre 15 har vore frå elles i […]

Eg nektar å godta at nynorsk er eit språk berre for vestlendingar. Men eg treng hjelp for å bli styrka i trua. Frå setesdøler, telemarkingar, hallingar, valdrisar, døler, trønderar og nordlendingar. Gjerne via søknadsbunken til NRK Nynorsk mediesenter. Fyrste høve er å søkje 15. oktober.

18 prosentAv 85 nynorskpraktikantar har 70 vore vestlendingar, berre 15 har vore frå elles i landet. Dei fordeler seg med fem frå Telemark, tre frå Hallingdal, tre frå Nord-Trøndelag, to frå Nordland, ein frå Setesdal og ein frå Ottadalen.

Mange hevdar at dette er ei utvikling vi berre må godta, men eg tykkjer ikkje vi har lov til det. NRK Nynorsk mediesenter si oppgåve er å rekruttere og lære opp ti dyktige nynorskbrukande journalistar i året. Det er sjølvsagt viktigare at dei er dyktige journalistar og nynorskbrukarar enn kvar dei kjem frå, men eg kan ikkje fri meg frå å strekkje oss etter å nå heile nynorskland. Og at det ikkje er berre Vestlandet.

HøgtidsstunderDet var høgtidsstunder då vi tilsette den fyrste gudbrandsdølen og setesdølen, på kull 13 og 16. Det tok år og framleis har vi til gode å tilsette nokon frå Valdres. Det er lite å høyre til desse dialektane i etermedia, og språket som vert brukt i media er viktig både for språkleg sjølvkjensle og utviklinga av norsk som språk, både nynorsk og bokmål.

«Tal dialekt – skriv nynorsk» heitte det på 1970-talet då dialektrørsla fekk rotfeste. Ho lukkast i å få folk til å bruke dialekten sin, og vere stolte av den. I dag er det sjeldan å høyre folk legge den vekk, men mange ser ikkje nokon samanheng mellom den og nynorsk som skriftspråk. Den store bokmålsdominansen i samfunnet overtyder mange om at det er best å skrive bokmål. Då slepp dei stikke seg ut, lage bry og stå lagleg til for hogg.

Trygge nynorskbrukarar Nokon angrar på dette valet og søkjer oss for å få hama oppatt nynorsken sin og finne att identiteten i språket sitt, og samstundes snuse på journalistikken. Dei kan lukkast, men vi leitar mest etter dei som er trygge og glade i nynorsk som hovudmålet sitt. Dei treng ikkje overtydast om at nynorsk er skriftspråket deira, og dei er best skodde til å tole den motbøra dei må rekne med å møte. Fordi dei brukar nynorsk. Dei som ikkje skjønar kva det er snakk om kan gå inn på kva nettdebatt dei vil, som handlar om nynorsk ( eller kanskje berre er skriven på nynorsk), og bli forferda over både hatet, haldningane og ordbruken.

82, 4 prosent vestlendingar       har vi sendt frå oss. Eg skjemst slett ikkje over det, la det vere heilt klart. Hadde det ikkje vore for vestlendingane hadde nynorsken vore ille ute. Men også her er han truga frå både sør, aust og nord, og frå nokre større byar som aldri har godteke at dei ligg midt i nynorskland.

Vi må tilsette av dei som søkjer, ikkje dei som let vere. Det er inga ulempe å ha NRK Nynorsk mediesenter på CV-en, 71, 8 % av dei vi har lært opp arbeider i media. Dei fleste i NRK.