8. november 2018

Kommunikasjonsrådgjevar NMBU

Gunn Evy Auestad er kommunikasjonsrågjevar for to forskingsprosjekt ved Norges Miljø- og Biovitskaplege Universitet (NMBU), på Ås. Det er ei prosjektstilling frå 2018 til 2020 ved NMBU – BIOTOUR og Foods of Norway. – Eg har stor nytte av erfaringa mi som journalist og stortrivst i jobben, seier Gunn Evy Auestad.

Jobben er svært variert og går ut på å formidla forsking for dei to prosjekta ved hjelp av ulike kanalar; som røkting av nettside og profilar i sosiale media, skriving av kronikkar og pressemeldingar, innsal til media, deltaking og arrangering av konferansar og seminar, nyhendebrev, m.m.

– Eg likar å bidra til å formidla forsking for nye, berekraftige løysingar både i reiselivet og i matproduksjonen i Noreg, seier Auestad.

Gunn Evy Auestad er frå Karmøy i Rogaland og gjekk på kull 12 med nynorskpraktikantar, våren 2010. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no og fekk fast jobb der. Auestad slutta i NRK i 2016 og tok ein master i Naturbasert reiseliv på Norges Miljø- og Biovitskaplege Universitet (NMBU), på Ås.