11. mai 2011

Konferansar

Nokon har vanskar med å skjøne kvifor vi legg så stor vekt på å ha konferansar med folk som ynskjer å bli nynorskpraktikantar. Eg skjønar ikkje at nokon vågar å tilsette  utan å møte søkjarane fyrst. På trening i dag kom eg i snakk med ein lærar i 40-åra, som aldri hadde vore inne til konferanse i […]

Nokon har vanskar med å skjøne kvifor vi legg så stor vekt på å ha konferansar med folk som ynskjer å bli nynorskpraktikantar. Eg skjønar ikkje at nokon vågar å tilsette  utan å møte søkjarane fyrst.

På trening i dag kom eg i snakk med ein lærar i 40-åra, som aldri hadde vore inne til konferanse i heile sitt liv. Det var ikkje vanleg i hans yrke og fagforreininga hans meiner at har ein kome seg gjennom lærarutdanninga er ein per definisjon kvalifisert. Dette står i skarp kontrast til Finland, der dei intervjuar alle søkjarane, FØR dei kjem inn på lærarutdanninga. Eg trur at det er her suksessfaktoren i finsk skule ligg.

Underteikna har vore «berykta» i NRK sidan tidleg 1990-tal fordi eg aldri tilset nokon utan å møte dei og teste kunnskapane deira før tilsetting. I byrjinga var det mykje styr fordi eg heller ikkje tykte at lang tenestetid var kvalifikasjon nok.

Eg har alltid leita etter dei brennande sjelene, viljesterke og samfunnsengasjerte folk som skjønar at det krevst stor eigeninnsats for å bli ein dyktig journalist. Og at jobben må gjerast, same kva klokka syner. «Ni til fire»-typane har eg prøvt å styre unna, likeså posørane, som etermedia lett trekkjer til seg.

Folk kan vere ryse gode på papiret, men utan dei personlege eigenskapane som trengst for yrke. Og papira kan vere så som så, men typen eignar seg. Dette gjeld alle yrke, og ein finn det ikkje ut utan å møte folk og snakke med dei. Å tilsette folk er ei stor investering – same kva verksemd ein driv – difor gjeld det å finne folka med dei rette eigenskapane og kunnskapane for jobben.

Det er uråd å ikkje bomme stundom, men sjansane for å gjere det er uforsvarleg store utan det personlege møte, sjekking av referansar og eigenskapar.