7. januar 2019

Kringkastingssjefen er flau

I eit radioinnslag i NRK Sogn og Fjordane torsdag sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen at han kjenner seg litt flau over at NRK aldri har nådd målet om minst 25 prosent nynorsk i NRK. Han har gått langt i å love at vi skal nå det målet i 2019.

– Eg synest det er litt flaut at vi ikkje har klart det. Vi har ikkje vore langt unna med 23 og 24 prosent. No har eg lova at vi skal få til 25 prosent nynorsk i inneverande år, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

For å klare dette treng han hjelp frå nynorskpraktikantane.

– Det er heilt avgjerande faktisk. Vi har eit ansvar for å spegle heile landet og skal vi klare det må vi ha folk som kan lage innhald og journalistikk på nynorsk, seier Eriksen.

Les heile saka i NRK Sogn og Fjordane her:

https://www.nrk.no/sognogfjordane/_-i-ar-skal-nrk-klare-nynorskmalet-1.14367854