https://www.nynorskmediesenter.no/Kry over språket
20. mars 2012

Kry over språket

– Eg er blitt endå meir kry over språket mitt etter besøket på Aasen-tunet, seier Ingunn Rauk. Setesdølen har vore i Ørsta for fyrste gong. Ho og medpraktikantane er det 16. kullet som har vitja fødestaden til Ivar Aasen. 

 Kull-16-og-Ottar-b250

I tillegg til omvising på tunet, heldt Ottar Grepstad føredrag om nynorsk i Noreg. Direktøren kunne også fortelje om planane for språkåret 2013. Utgangspunktet er mellom anna 200-årsjubileet for Ivar Aasen.

– Eg skulle gjerne hatt meir tid på Aasen-tunet for dette var moro, sa Ingunn Rauk.