https://www.nynorskmediesenter.no/Kull 17 i arbeid
5. mars 2013

Kull 17 i arbeid

Kull 17 er ferdige som nynorskpraktikantar og alle har fått seg arbeid framover. Kjersti Hetland er tilkallingsvikar og sommarvikar i NRK Dagsrevyen. Marte Halsør er tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt. Stine Kyrkjebø Johansen er vikar i NRK Sogn og Fjordane. Jon Bolstad er tilkallingsvikar i NRK Hordaland og Tale Høyem har tilkalling i P3nyhenda på Tyholt.