https://nynorskmediesenter.no/Kull 18 på plass
3. januar 2013

Kull 18 på plass

03.01.2013 er det attande kullet med nynorskpraktikantar klart for innsats: Trond Espen Bjoland, Adalheidur Oldeide, Vegard Tjørhom, Inger Johanne Ruset og Hanne Christin Våge.

Det var 23 søkjarar til kull 18 og åtte av dei var inne til konferanse. Dei fem heldige kjem frå Sirdal i Vest-Agder, Stord og Sotra i Hordaland, Vågsøy i Sogn og Fjordane og Valldal i Møre og Romsdal. Det er fyrste gongen vi har ein nynorskpraktikant frå Vest-Agder. Dette er kull 18:

Inger Johanne Ruset  (1985). Frå Lingegrenda, Valldal på Sunnmøre. Ho er journalist i det finske medieselskapet Futuvision Media, med base i Tammerfors, og Kina som spesialfelt. Der er ho politisk redaktør for gbtimes.com og ansvarleg for den norske utgåva no.gbtimes.com. Elles er ho med i eit engelskspråkleg nyhendeprosjekt for nett-TV.

Ruset har ein dobbel mastergrad, Msc/MA Global Media & Communications, LSE og Fudan University. Fyrste året var det medieteori ved Londom School of Economics and Political Science (LSE), der ho tok valfag innan internasjonal politikk. Andre året var ved instituttet for journalistikk ved Fundanuniversitetet i Shanghai, der ho fekk praktisk undervising og innføring i det kinesiske mediesystemet.  Ho har vore praktikant i medieovervaking i Albany Assosiates Ltd, eit britisk selskap som har mediestrategiar i konfliktsoner som spesialfelt. Ho var assistent under ein analyse av utviklinga i Somalia.

Inger Johanne Ruset har ein bachelor i samanliknande politikk og ein i medievitskap, begge ved Universitetet i Bergen. Medan ho studerte der var ho PR-ansvarleg for Studentersamfunnet og aktiv i Studentradioen i Bergen. Ho har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar.

– For meg er nynorsk eit bruksspråk, og eg tykkjer det er viktig at det ikkje vert eit elitespråk, seier Inger Johanne Ruset 

 

Trond Espen Teigen Bjoland(1993). Fødd i Vanylven på Sunnmøre, men har vakse opp på Ågotnes, på Sotra i Hordaland. Han var ferdig ved Sotra vidaregåande skule i vår. 

Aktiv i Sotra AUF, der han mellom anna har vore leiar. Medlem av Fjell kommunestyre for Arbeiderpartiet. Varamedlem til komiteen for finans og forvalting. Han spelar i band og deltek på konsertar, konkurransar og speleoppdrag. 

–  Det var på vidaregåande at eg fekk lyst til å bli bli journalist. Eg har alltid likt å skrive, og vore fasinert av media og journalistikk. Ei tid gjekk det sport i å sjå kor mange avisinnlegg eg kunne få inn i Bergensavisene og lokalavisa, seier Trond Espen Bjoland. Gjennom NRK Nynorsk mediesenter ynskjer han å finne ut om han eignar seg for journalistikken. 

 

  

Adalheidur Audardottir Oldeide (1988). Frå Holvik i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Halvt islandsk.

Busett i Bergen og har arbeidd for Leger utan grenser sidan 2008. Har vore presseansvarleg for Hordaland og prosjektkoordinator for Vestlandet og Trondheim. Det medfører leiar- og personalansvar for omlag 15 tilsette. – I den jobben har eg ofte erfart journalistyrket frå den andre sida. Det har gjort meg meir overtydd om at det er på den sida eg høyrer heime, seier Adalheidur Oldeide.

Ho har eit årsstudium i medievitskap frå Universitetet i Bergen og var aktiv som nyhendejournalist i Studentradioen medan ho studerte. 

– Eg kjenner fleire som har fått journalistopplæringa si i NRK Nynorsk mediesenter, og dei har klart seg godt. At nyhende og nynorsk står så sentralt i den praktiske opplæringa er svært forlokkande for meg, seier Adalheidur Oldeide.  

  

Vegard Tjørhom(1987). Frå Sirdal i Vest-Agder.  Han studerer statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo. Har vore sommarvikar  som journalist i både Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende.

Tjørhom har teke Afrikanske og asiatiske studiar ved Universitetet i Oslo og Tverrkulturell kommunikasjon ved Hald Internasjonale Senter (Mandal). Han har  vore eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap. Då arbeidde han i landsbyen Douentza i nord-Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.   – Eg har vorte svært glad i Afrika og draumen er å reise attende dit som fleirmedial journalist, seier Tjørhom.   

Vegard Tjørhom er aktiv i Senterungdommen og leiar i Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon, RE:ACT. 

– Nynorsk er diverre ei utdøyande målform der eg kjem frå. Dei fleste ungdommane heime i Sirdal oppfattar nynorsk som vanskeleg og traust. Det har eg gjort sjølv også, men det vart ikkje til at eg bytte til bokmål. No er eg stolt av å seie at eg meistrar både nynorsk og bokmål godt, og gjennom NRK Nynorsk mediesenter håpar eg å bli endå betre i nynorsk, seier Vegard Tjørhom.   

      

Hanne Christin Våge(1992). Frå Stord i Hordaland. Busett i Trondheim, der ho har studert filmvitskap og arbeider i nettredaksjonen til studentavisa Under Dusken. Ho har vore sommarvikar og frilansar for Bladet Sunnhordland.

– Eg vil berre bli journalist og eg lærer best gjennom praktisk arbeid. Difor er opplegget til NRK Nynorsk mediesenter som skreddarsydd for meg, seier Hanne Christin Våge.

– Nynorsken er veldig viktig for meg. Veninner mobbar meg fordi eg skriv nynorsk på Fjesboka. Dei tykkjer det ser så løye ut! Men eg gjer det likevel. Nynorsken er ein viktig del av kulturen vår og eg vil gjerne bli ein av dei som brukar språket i NRK, seier Hanne Christin Våge.