16. januar 2014

Mykje ros til kull 19

– Det var mykje ros og vellæte å høyre om kull 19 i praksis då eg var rundt på besøk fyrste veka i februar. Dei får tilbod om tilkalling-og vikariat der dei har praksis, seier Magni Øvrebotten.

Kull 19 har berre ei veke att som nynorskpraktikantar, 1.mars er halvåret over. Eirik Hildal er i NRK Sogn og Fjordane, Britt Kristin Ese i NRK Hordaland, Idun Fivelstad i Norgesglasset, Tale Hauso i NRK Hordaland og Lars Ivar Nordal i Kulturnytt.

-No seier alle redaksjonane eg var innom at dei treng fleirmediale folk som nynorskpraktikantane våre, som har lært både radio, fjernsyn og nett. Det har dei lært sidan starten for snart ti år sidan, men det er fyrste gongen fordelane med det har vorte trekte fram over heile lina, seier Øvrebotten.