28. februar 2014

Kull 19 er ferdige

I dag er kull 19 ferdige som nynorskpraktikantar, og fire av fem held fram som journalistar der dei har vore i praksis.

Eirik Hildal har hatt praksis i NRK Sogn og Fjordane og held fram der som vikar og tilkallingsvikar framover, og har fått sommarjobb i Førde. Britt Kristin Ese har hatt praksis i NRK Hordaland og har i fyrste omgang fått eit månadsvikariat i Yr.no i Bergen. Idun Fivelstad satsar på å vere mest lærar framover, men har fått tilkalling i Norgesglaset om ho maktar det på toppen av lærarjobben. Tale Hauso har og vore i NRK Hordaland i praksis og blir tilkallingsvikar der. Lars Ivar Nordal har hatt praksis i Kulturnytt, og held fram som tilkallingsvikar i Kultur og underhaldningsredaksjonen i NRK på Marienlyst.

– I dag har eg skrive attestar og vitnemål til kull 19, med mykje ros og vellæte, både frå oss og dei redaksjonane dei har vore i dei to siste månadane, seier Magni Øvrebotten. – Sjølv om det er tøffe tider i media må jobbane gjerast og dei nye som kjem til får seg arbeid når dei både vil og kan, seier Øvrebotten.

Komande veke lyser NRK Nynorsk mediesenter ut kull 21, med søknadsfrist 15. april. Det kulle skal starte på opplæringa i Førde 25. august 2014 og er ferdige til 1. mars 2015.

Kull 20 er snart inne i siste veka med opplæring før dei skal i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane fram til 1. mai.