3. januar 2014

Kull 20

No har vi teke mot totalt 100 nynorskpraktikantar. Fredag 3. januar 2014 byrja kull 20. Frå venstre: Oddbjørn Myklebust Opsal, Liv Ragnhild Holdhus Sjursen, Guro Kvalnes, Silje Steinnes Bjerknes og Halvor Farsund Storvik.

Dei vart ynskt velkomne med dei vanlege formaningane om at her gjeld det å stå på for å lære mest mogeleg, at det er viktig for alle sin suksess at dei er rause og deler kunnskap med kvarandre og at målet er at dei skal bli dyktige, nynorskbrukande føredøme i radio, fjernsyn og på nett.

I kveld et vi den tradisjonelle middagen saman med leiinga i NRK Sogn og Fjordane, og måndag er det fyrste møte med dei fire nye nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter, i Firda. Deretter byrjar kvardagen.