25. august 2014

Kull 21

25. august, endeleg er kull 21 på plass i Førde og klare for fire månader med opplæring og praksis her.

Frå venstre Tor Erik Humlen (1988), frå Langevåg i Møre og Romsdal, Sigrid Agnethe Hansen (1989) frå Harstad i Troms, Hibba Samadawy (1987) frå Øystese i Hardanger, opphavleg frå Libanon. Elias Engevik (1995) frå Solund i Sogn og Fjordane og Ine Eftestøl (1984) frå Bryne på Jæren.

– Det var ein spent og motivert gjeng som stilte her i dag, med stor spennvidde i alder og utdanning. Nett slik det brukar å vere. I redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane kika fleire tidlegare nynorskpraktikantar attkjennande opp, i det det nye kullet gjekk forbi til fyrste samling på Loftet. Det er ikkje lenge til vaktsjefane byrjar å spørje når dei kjem i redaksjonen i praksis. Det er 29. oktober, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Faglærarar er Randi Indrebø og Terje Gilleshammer. Sistnemnde er nett vorten trebarnsfar, med ei dotter som krev sitt heime. Medan han har permisjon steppar tidlegare faglærar, Tone Lin Støfring Skovro, inn som lærar.