2. mars 2015

Kull 21 i arbeid

Fredag 28. februar var kull 21 ferdige som nynorskpraktikantar. Ein fekk vikariat, tre fekk tilkalling og den femte skal i det militære i april.

Tor-Erik Humlen hadde ekstern praksis i NRK P3, i P3 Morgen og P3 Nett. Han held fram som tilkallingsvikar i dei to redaksjonane. Sigrid Agnethe Hansen var i NRK Troms i praksis og har fått vikariat der til over sommaren. Hibba Sarmadawy var i NRK Dagsnytt og held fram som tilkallingsvikar i den redaksjonen. Ine Eftestøl var i NRK Rogaland og har fått tilkalling i Stavanger. Elias Engevik har praksisen sin i NRK Sogn og Fjordane, og skal i det militære 16. april. Han satsar på tilkalling attåt militærtenesta.

– Trass i trange tider lukkast nok eit kull med nynorskpraktikantar i klore seg fast. S jølvsagt står det att å sjå kor mykje dei som er tilkallingsvikarar vert brukte, men fleire av dei melder alt no om godt med vakter framover. Det lovar godt. Vi håpar så inderleg at dei lukkast, seier Magni Øvrebotten.

I dag har ho sendt ut attestar og vitnemål til kull 21, med skryt frå både faglærarar og redaksjonsleiarar frå praksisplassane. – Det er alltid med ei viss høgtid eg legg dei i konvolutten, for eg veit at dette kan vere papir som gjer ein skilnad i søkjarbunkane dei hamnar i, seier Øvrebotten.

Dei som har fullført halvåret som nynorskpraktikantar har prioritet til stillingar i NRK, som dei er fullt ut kvalifiserte for i tre år framover. Dei kan søkje på faste stillingar, og skal etter regelen gå føre alle andre enn fast tilsette søkjarar. Dette fordi NRK Nynorsk mediesenter er eit strategisk rekrutteringstiltak for å få fleire nynorskbrukarar i NRK.  Sjå meir om regelen om prioritet her