29. februar 2016

Kull 23 ferdig

I dag hadde kull 23 sin siste dag som nynorskpraktikantar. Elise Sundfør Erdal (1986) får tilkalling i Kulturhuset, NRK P2, og skal elles arbeide som lektor. Thomas Brakstad (1989) har eit kortare vikariat i NRK Sport. Kjersti Anderdal Bakken (1990) måtte utsett ekstern praksis i Norgesglasset, på grunn av sjukmelding med eit vondt kne. Even Lusæter er tilkallingsvikar i NRK Hedmark og Oppland, og skal halde eit særleg auge med det som skjer i norddalen (Sel, Vågå, Lom og Skjåk). Line Omland Eilevstjønn (1993) har fått prosjekstilling som SoMe-ansvarleg i Vest-Telemark Blad. Den jobben hadde ho takka ja til før den eksterne praksisen i NRK Telemark.

– Dei ville gjerne hatt henne i eit vikariat, for i NRK Telemark er alle nynorskbrukarane over 60 år. Dei treng til nye. Men slik arbeidssituasjonen er no for tida våga eg ikkje å be Line om å «ha is i magen» då ho fekk tilbod om prosjektstillinga i lokalavisa Vest-Telemark Blad før jul. Det er svært nyttig lærdom å hente i den jobben, og eg håpar det vi har lært henne om nett og SoMe-journalistikk kjem til nytte, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. – Vi ser det ikkje som noko nederlag å skaffe avisene dyktige folk, legg ho til.

– Kull 23 var flinke folk som vi verkeleg håpar får seg fast arbeid i NRK etter kvart. Men i dag må ein rekne prosjektstillingar, kortare vikariat og tilkallingvikar for god utteljing. Eg håpar berre at talenta ikkje vert rota vekk, for vi treng dei, seier Øvrebotten.