14. juni 2016

Kull 24 i god driv

1. juli er det 24 kullet med nynorskpraktikantar ferdige og alle fem held fram som sommarvikarar. – Dei får mykje skryt og eg håpar og trur at dei klarer å klore seg fast utover sommarvikariata, seier Magni Øvrebotten, som har vore rundt og besøkt dei i ekstern praksis.

Aleksander Åsnes har ekstern praksis i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende på Marienlyst. Han skal attende til Førde for sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Solveig Svarstad har både praksis og sommarjobb i Førde, og May-Helen Rolfsnes har det same i NRK Hordaland. Martha Våge har ekstern praksis i P3 Morgon og skal vere sommarvikar i Kulturhuset i NRK P2. Martin Torstveit har både praksis og sommarjobb i NRK Telemark.