4. januar 2016

Kull 24 på plass

Måndag 4. januar byrja kull 24 på opplæringa/praksisen i Førde. Frå venstre Aleksander Åsnes, Solveig Svarstad, May-Helen Rolfsnes, Martha Våge og Martin Torstveit.

Fyrste dagen er det mykje innføring i kva halvåret som nynorskpraktikant fører med seg. Velkomst med klare forventningar til det nye kullet, gjennomgang av læreplanen og omvising i NRK Sogn og Fjordane. Dagen vert avslutta med middag for praktikantane, faglærarane, vaktsjefar og leiing i NRK Sogn og Fjordane. Føremålet er å bli litt kjende før kvardagen byrjar i morgon.