23. august 2016

Besøk av Høgre på fyrste skuledagen

Måndag 22. august var kull 25 med nynorskpraktikantar på plass i Førde. Frå venstre Maren Iren Noreng Trøen (1990), frå Slidre i Valdres, Anders Tesdal Galtung (1994), frå Etne i Sunnhordland, Krista Lien Indrehus (1989), frå Bømlo i Sunnhordland, Josef Benoni Ness Tveit (1997), frå Holmedal, Askvoll i Sogn og Fjordane og Kathrine Kanta Nygård (1993), frå Longva på Sunnmøre.

Det var 46 søkjarar til dette kullet og med dei har vi teke inn 125 nynorskpraktikantar. Kull 25 skal ha opplæring og praksis i Førde fram til 21. desember. Frå nyttår av skal dei i to månader ekstern praksis i andre redasjonar og dei er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars 2017. Randi Indrebø og Rune Fossum er faglærarar for dei.

Besøk av Høgre

Høgredelegasjon-og-kull-25

Ole Gunnar Krakhellen, Geir Staib og Olve Grotle besøker kull 25 (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Kullet fekk også besøk av medlemmer av Høgre si programnemnd på fyrste skuledagen. Sekretæren nemda, Geir Staib, og medlem Ole Gunnar Krakhellen, er på rundreise i landet, og i Sogn og Fjordane er det mellom anna fokus på nynorsk. Ordførar Olve Grotle, i nynorskbyen Førde, var også med. Dei fekk møte nynorskpraktikantane som fortalde om forholdet sitt til nynorsk og kvifor dei hadde søkt seg hit, og høgrefolka spurde kva dei meiner er viktig for nynorsken. Etterpå hadde representantane for programnemnda i Høgre møte med leiarane for Nynorsk avissenter, NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane, for å høyre korleis vi arbeider med fokus på nynorsk.

Leiar Bergens Tidende 24. 8.2016.http://www.bt.no/meninger/leder/Nynorsk-for-alle-3650122.html