
5. januar 2017
Kull 26 på plass
Frå venstre: Espen Breivik, frå Volda, Wibeke Bruland, Stryn, Aleksander Båtnes, Sula, Sigrid Sørumgård Botheim, Lesja, og Snorre Sandemose, frå Gulen.
I dag var dei på sitt fyrste redaksjonsmøte i NRK Sogn og Fjordane, før det var rett i opplæring av ENPS, eit system for tekstbehandling. I morgon er det nytt redaksjonsmøte, og dei skal lære opptak med Nagra og IPhone, og opptaks- og redigeringsprogrammet DIGAS. Komande måndag skal dei levere fyrste radioreportasjen sin.
Faglærarar er Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu, som er mest like spente som dei nye nynorskpraktikantane.