3. januar 2018

Kull 27 i praksis

Dei slutta i Førde 21. desember og byrja i ekstern praksis 3. januar. Dei har no to månader att av tida som nynorskpraktikantar. Fire har ekstern praksis på Marienlyst, ein på Tyholt.

Kull 27: Borghild Andersdotter Vevle, Synne Ulltang, Ådne Sandvik Dyrnesli, Linda Watten og Arianrhod Engebø.

Borghild Andersdotter Vevle har praksis i nettredaksjonen Superfront i NRK Super. Synne Ulltang i programmet Ekko i NRK P2. Ådne Sandvik Dyrnesli i redaksjonen for Digital historieforteljing. Linda Watten i Supernytt og Arianrhod Engebø i nettredaksjonen i P3 på Tyholt.