2. juli 2018

Kull 28 er ferdige

Halvåret som nynorskpraktikantar er over også for kull 28. Fire av fem held fram i sommarjobbar.

Astrid Turid Reksten (til venstre på bilete) går attende til jobben som feltprest i Forsvaret, ho har hatt permisjon derifrå. Fredrik Johan Helland har sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Frå hausten av byrjar han i fast jobb som plassjef for helikopterselskapet Bristow på flyplassen i Florø. Bente Kristin Kjøllesdal har sommarjobb i Yr.no med base i Bergen, men flyttar til hausten til Oslo for å arbeide for nettstaden Framtida.no, Anders Martin Helle har sommarjobb i NRK Buskerud og har fått vikariat der etterpå. Sigrid Sivertsen Haugan har sommarjobb i Her og Nå på Tyholt.

– Dette var eit uvanleg jamt og godt kull som eg gjerne hadde sett vart verande i media alle saman. Men det er rift om flinke folk og eg set min lit til at dei har fått sopass smaken på journalistikk at dei kjem att. Og så håpar eg at NRK og andre er om seg når dei søkjer jobbar, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.