1. juni 2018

Kull 28 i god driv

Kull 28 er inne i siste månaden sin som nynorskpraktikantar og eg har vore på rundreise til dei i praksis i Trondheim – Drammen – Bergen, og to i Førde. Litt spesiell start på den eksterne praksien deira, då det var vel ei veke streik. Og til overmål kom eg på besøk ei veke tidlegare enn vanleg, så lite er avklara om vidare arbeid, utover sommarjobbane.

Dei to frå Florø, Turid Reksten og Fredrik Helland, er “tapte” for oss i denne omgang. Ho skal attende til jobben ho har permisjon frå, og Helland har fått seg fast arbeid utanfor NRK. Begge har praksis i NRK Sogn og Fjordane og vi håpar begge kjem attende til journalistikken med tida.

Anders Martin Helle stortrivst i NRK Buskerud og håpar det lagar seg meg arbeid der når sommarjobben er slutt. Sigrid Sivertsen Haugan har praksis i P3 Nett og skal ha sommarjobb i Her og Nå, på Tyholt. Bente Kjøllesdal er i dk-redaksjonen til NRK Hordaland, og skal ha sommarjobb som journalist i Yr.no. Begge har lyst til å halde fram som journalistar. – Vi skulle gjerne sett at heile kullet vart journalistar. Det er eit sjeldan jamt kull, som var svært flinke til å spele kvarandre gode, som det heiter i fotballspråket, seier Magni Øvrebotten etter rundreisa til kull 28.