3. januar 2018

Kull 28 på plass

Nok eit kull med nynorskpraktikantar er på plass i Førde. På kull 28 er det ein trønder, to sunnfjordingar, ein nordfjording og ein sogning. Dei kjem direkte frå jobbar og studiar i inn og utland, og er spente på kva det inneber å vere nynorskpraktikant.

Frå venstre: Turid Astrid Reksten, Fredrik Johan Helland, Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal, Sigrid Sivertsen Haugan og Anders Martin Helle.

Fyrste dagen er det mykje innføring i kva halvåret som nynorskpraktikant fører med seg. Velkomst med klare forventningar til det nye kullet, gjennomgang av læreplanen og omvising i NRK Sogn og Fjordane. Dagen vert avslutta med middag for praktikantane, faglærarane, vaktsjefar og leiing i NRK Sogn og Fjordane. Føremålet er å bli litt kjende før kvardagen byrjar i morgon.

Her kan du sjå meir om bakgrunnen deira.