27. april 2018

Kull 28 i praksis på dk og Tyholt

I dag takka vi av kull 28 med nynorskpraktikantar, som no er klare for ekstern praksis, frå 2. mai og ut juni.

KULL 28: Anders Martin Helle, Turid Astrid Reksten, Sigrid Sivertsen Haugan, Bente Kjøllesdal og Fredrik Helland.

Praktikantane imponerte med sjølvlaga song og musikkvideo basert på Vilde og Anna-låta “Vestlandet”. Distriktsredaktør Terje Gilleshammer og Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, heldt tale for dei og delte ut gåver (nynorsk-koppar og ryggsekk). Ein av vaktsjefane sa tidlegare i veka at han gjerne såg at heile gjengen vart att i Førde, og kan glede seg over at to skal ha ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane. Dei tre andre skal til NRK Buskerud, NRK Hordaland og P3 desken på Tyholt.

Turid Astrid Reksten skal ha resten av tida som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane, før ho skal attende til jobben sIn i Forsvaret frå 1. juli. Fredrik Johan Helland skal ha både praksis og sommarjobb i Førde, og har takka ja til fast jobb utanfor NRK til hausten. Bente Kjøllesdal skal ha praksis og sommarjobb i NRK Hordaland og Anders Martin Helle skal ha det same i NRK Buskerud. Sigrid Sivertsen Haugan skal ha ekstern praksis på P3 desken på Tyholt, og sommarjobb i Her og No, NRK P1.