21. desember 2018

Kull 29: «Ikkje undervurder jentekull!»

Fire hektiske månadar med opplæring er over for damene på kull 29. Her er noko av det dei hugsar best frå tida ved NRK Nynorsk medisenter.

LOFTET: Korleis skal me forklare loftet? Det er der magien skjer. Første dagen, då ein ganske grøn gjeng kom til Førde, hadde me inga aning om kva me hadde gått med på. Ei veke seinare forstod vi meir, men ikkje éin einaste dag har vore lik. På loftet har me lært foto, tv, å bruke champagnekork for å få betre diksjonen, some, korleis danse macarena, å skrive artiklar – og mykje meir. Loftet er ein trygg stad for ein komande journalist, og med god rettleiing har det heldigvis gått fint. Kull 29 elskar loftet!

DIREKTEØVING: Nokre av dei beste dagane me hadde i opplæringa på mediesenteret må ha vore dagane me skulle lære å gå live på tv og radio. Med trygg og stødig hand utfordra Stian Sjursen Takle oss til å finne nokon i Førde som me kunne intervjue til direkte radio. For å seie det sånn: på julebordet hadde dei morosame lydklipp frå året. Praktikant Elise fekk eit vittig tilbakeblikk frå si «direkte»-øving. Men tv toppa kanskje det heile. Faglærar Rune stilte sporty opp og var intervjuobjekt i sakene våre. Her var han maraton-løpar, hytteeigar, aktivist, bareigar og kongehusekspert. Brit Jorunn var kameradame, og me fekk også støtte frå Randi. Dagsrevyen; vi håpar de sjekkar kontaktinfoen vår med Magni – me er klare!!

OSLOTUR: I oktober, rett før intern praksis, reiste vi til Oslo. Vi var der i to dagar og besøkte Marienlyst. Etter ein koseleg middag første kvelden, troppa vi dagen etter opp på store Marienlyst. Og det var større enn me hadde trudd! Til og med Rune, som har vore der før, var usikker på kvar me skulle gå. Dagen starta med morgonmøte saman med sjefane som planlegg nyhendebiletet for dagen. Vidare var me på Dagsrevyen sitt morgonmøte. Sjølvaste Ingvild Bryn viste oss rundt i Dagsrevyen-studioet, og me møtte tidlegare nynorsk-praktikantar og praktikantane i NRK FleRe. Me besøkte fleire interessante redaksjonar, som NRK Supernytt, NRK Sport, digital historieforteljing og NRK podcast. Dette var ikkje halvparten eingong! På dette biletet er me ein smule trøytte alle saman etter ein fullstappa dag på Marienlyst – men også forventningsfulle før omvising på Det Norske Teatret og Peer Gynt-framsyning.

TELEMARKSNEDSLAG I REDAKSJONEN: I slutten av oktober vart det ei lang reise for kull 29. Heile 20 trappetrinn ned på desken for å vere eksakt. Det var fem nervøse jenter som ikkje hadde grunn til å vere nervøse. Plutseleg skulle me jobbe som journalistar saman med resten av desken! Du veit når du ikkje heilt får tid til å tenke over noko, før du plutseleg gjer det? Det var litt sånn. Ein stødig og profesjonell gjeng lét oss bli ein del av «gjengen på desken».

IKKJE UNDERVURDER JENTEKULL: Som eit reint jentekull fekk me nok ein litt ekstraordinær start på journalist-karrierane våre. Sjef Magni var i byrjinga skeptisk til eit reint jentekull, og det gjorde ho tydeleg kjent. Fem bestemte jenter diskuterte i ein kaffipause at no skulle me verkeleg stå på og motbevise teorien. Og såleis gjekk det: På slutten av året fekk me ta video av at Magni laga eit hjarte av hendene framføre praktikantane. Då visste me at me hadde bevist at jentekull ikkje er til å tulle med! Dette er ein gjeng jenter med veldig forskjellige bakgrunnar, utdanning og personlegdomar. For ein gjeng!

NRK Nynorsk mediesenter – tusen takk for god opplæring frå dyktige faglærarar og føredragshaldarar, sterkare band til nynorsk og gode venar. Og til de som kjem til Førde for opplæring, lukke til! Det blir fire gode månader.

Helsing kull 29 («gjengen praktikanse»).