20. august 2018

Kull 29 på plass i Førde

Dei fem damene på kull 29 med nynorskpraktikantar byrja i dag. Birgitte Vågnes Bakken, Ida Yasin Andersen, Elise Kvien, Solveig Nyhus Aksnes og Ingvild Aleksandra Eide.

Det var, som vanleg, fem forventningsfulle nynorskpraktikantar som møtte opp på NRK-bygget i Førde den tredje måndagen i august. I år tre frå Sunnmøre og to frå Stord.

Birgitte Vågnes Bakken, 24 år, frå Langevåg i Sula kommune. Ho har ein mastergrad i fransk frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i fransk litteratur, og eit årsstudium i historie frå L’Université de Lille i Frankrike. Våren 2018 var ho praktikant i kultur- og kommunikasjonsseksjonen ved Den norske ambassaden i Paris.

Ida Yasin Andersen, 25 år gamal, frå Stord. I vår gjorde ho ferdig ein bachelor i film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen. Ho har også ei årseining i engelsk derifrå. I studietida har ho vore medarbeidar i underhaldningsredaksjonen i Bergen Student-TV.

Elise Kvien, 21 år, frå Vartdal i Ørsta kommune. Våren 2018 tok ho ein bachelor i marknadsføring og leiing ved NTNU i Ålesund. Bacheloroppgåva handlar om tv-bransjen og korleis det går med lineær tv no når nettstrøyminga blir meir dominerande. Kvien har vore programleiar og reporter i Radio Ålesund i fleire år.

Solveig Nyhus Aksnes, 22 år, frå Haramsøy i Haram kommune. Ho gjorde i vår ferdig ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og har dessutan eit årsstudium i interkulturell forståing ved NLA. I bacheloroppgåva si skreiv ho om abortlova i Colombia, som kom i 2006.

Ingvild Aleksandra Eide, 24 år, frå Stord. Våren 2018 tok ho ein bachelor i kvinne- og kjønnshistorie ved Universitetet i Bergen. Ho har også eitt år på nordisk ved Universitetet i Bergen. Eide har vore frilansar for lokalavisa Bladet Sunnhordland i sju år.

Det var 36 søkjarar til kull 29, og ti var inne til konferanse. Dei skal ha opplæring og praksis i Førde fram til jul, og to månader ekstern praksis etter nyttår.