3. januar 2019

150 nynorskpraktikantar

I år har NRK Nynorsk mediesenter vore i drift i 15 år og tilsett 150 nynorskpraktikantar. I dag byrja kull 30 med nynorskpraktikantar på opplæringa i Førde. Frå venstre Ragnhild Voreland, frå Stord, Ola Weel Skram, Sogndal, Idunn Lavik, Voss, Magnus Urup Helle, frå Vinje, og Tonje Noreng Trøen, frå Slidre i Valdres.

– Det er ein liten milepel med 15 års drift, 150 nynorskpraktikantar og å ha fått kull 30 i hus. Ekstra kjekt er det at det er med ein telemarking og ein valdris på laget denne gongen. Vi prøver å gjere vårt for at nynorsk ikkje skal bli berre eit vestlandsspråk, og då er det viktig å få med nynorskbrukarar frå resten av landet, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 29 er i ekstern praksis fram til 1. mars og vert såleis ikkje rekna som ferdig opplærde. Av dei 140 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss har 57 prosent arbeid i media og 40 prosent av dei er i NRK. 17 prosent arbeider i avis og på nettsider.

– Jamt over må vi vere nøgde med over halvparten i media når så mange har vore gjennom opplæringa. Men vi veit om litt for mange som óg kunne vore i media, om dei var på rett plass til rett tid, og dersom  det vart prioritert å tilsette nynorskbrukarar. Skal NRK ligg jamt på minst 25 prosent nynorsk, må leiarane sjå på det som ein ekstra kvalifikasjon å vere nynorskbrukar og tilsette slike, seier Øvrebotten.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier han er skjemd over at NRK ikkje når 25-prosentmålet og lova i november i fjor at NRK skal nå det i 2019.

– Det er viktig at kringkastingssjefen er så tydeleg og eg reknar med at han vil fylgje godt med på om målet vert nådd. Men skal det bli varig må NRK-leiinga vere opptekne av nynorskprosenten over tid, og alle som byrjar i NRK må få vite om det språklege ansvaret NRK har, seier Magni Øvrebotten.

Sjå meir om bakgrunnen til kull 30 her