12. september 2018

Kull 30 er lyst ut

Det trettiande kullet med nynorskpraktikantar er lyst ut og søknadsfristen er 15. oktober. Med det kullet rundar vi 150 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Kull 30 vert tilsett i byrjinga av november og dei fem heldige skal byrje på opplæringa i Førde 3. januar 2019. Dei er ferdige med halvåret som praktikantar 30. juni neste år.

Du finn utlysinga her

– Vi ynskjer oss nynorskbrukande søkjarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Sidan nynorsken er mest brukt på Vestlandet er det naturleg nok flest søkjarar frå dei fire Vestlandsfylka. Men for oss er det viktig å medverke til at dialektane frå både nord-, midt-, sør- og aust-Noreg samlar seg i nynorsken. Då aukar vi mangfaldet i NRK, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Difor let eg den siste trøndaren som har gått her illustrere denne artikkelen. Sigrid Sivertsen Haugan gjekk på kull 28. Ho studerer arabisk på Universitetet i Oslo, og er hyra inn i NRK for å leite etter folk som kan vere med i ein TV-serie om ungdom og psykisk helse. Det oppdraget fekk ho etter referansane frå NRK på Tyholt, der ho hadde praksis i P3Nett og sommarjobb i Her og Nå. Ho er eit godt døme på kva det kan føre til å bli nynorskpraktikant. Ho ville gjere ferdig studiane sine, medan andre er ferdige og då satsar vi på at dei skal få halde fram i NRK, om dei er dyktige nok. Det er tidlegare nynorskpraktikantar i både nyhendeprogramma, sporten, barne- og ungdomsprogramma, osv. i NRK.

55 prosent arbeider i media 

Av dei 140 nynorskpraktikantane som har gjennomført halvåret som nynorskpraktikantar har vel 55 prosent arbeid i media. Vel 40 prosent er i NRK, og dei fordeler seg nokså likt mellom distrikts-og riksredaksjonane. Vel 10 prosent arbeider i aviser og på ulike nettstader, men diverre får ikkje alle skrive nynorsk. I tillegg til 55 prosent i media er nær 17 prosent informasjonsfolk, nettredaktørar og rådgjevarar i alt frå departement til reklamebyrå.

Med å vandre rundt på denne nettsida finn du meir om den praktiske opplæringa, kva vi forventar oss av nynorskpraktikantane, kva dei som har gått her gjer på, osv. Har du spørsmål kan du ringe leiaren, Magni Øvrebotten, på mobil 970 55201, eller sende e-post: magni.ovrebotten@nrk.no, eller nynorskmediesenter@nrk.no

Samstundes med oss lyser Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda ut kull 12 med nynorskpraktikantar der, med vekt på å få fram nynorskbrukande journalistar for avis og nett.