31. oktober 2018

Kull 30 er tilsett

Tre vestlendingar, ein telemarking og ein valdris kom inn på det trettiande kullet med nynorskpraktikantar. Det var 29 søkjarar og 14 av dei var inne til intervju, nynorsk- og studiotest. – Denne gongen kunne vi ha tilsett sju stykke på strak arm, og då har vi eit luksusproblem. Det er ekstra kjekt at vi har fått med folk frå Telemark og Valdres. Der taper nynorsken terreng og det kan hjelpe litt å høyre sitt eige mål brukt og skrive i media, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Medrekna kull 30 har vi tilsett 150 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Kull 30 skal byrje på opplæringa i Førde 3. januar og er ferdig med halvåret som nynorskpraktikantar 30. juni 2019.

Idunn Lavik, frå Voss i Hordaland, fødd 1995. Studerer juss ved Universitetet i Oslo og er aktiv i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Ho er særleg oppteken av klimaspørsmålet og nyttar jussen til å forstå juridiske prosessar kring til dømes Klimaspørsmål Arktis. Lavik har vore utvekslingselev i Frankrike, og arbeidd som museumsvert på Fiskerimuseet.

Ola Weel Skram, frå Sogndal, fødd 1991. Han har ein master i yrkes-og organisasjonspsykologi frå Heriot-Watt Universitetet i Edinburgh i Skottland, og ein bachelor i interkulturell foreståing frå Universitetet i Bergen. Ola Weel Skram har vore frilansmusikar i fleire år, som vokalist og gitarist, og har god røynsle med både å stå på scena, forhandle fram avtalar og halde styr på bedrifta og økonomien.

Tonje Noreng Trøen, frå Slidre, Valdres i Oppland, fødd 1992. Ho arbeider som lærarvikar i norsk  for busette flyktningar og på Slidre Barne- og ungdomsskule, i Vestre Slidre kommune. Frå Høgskulen på Lillehammer har ho ein bachelor i marknadsføring og leiing av turistopplevingar. Ein del av denne utdanninga vart teken ved Bond Universitetet i Australia. Trøen har studert spansk språk og kultur ved Høgskulen i Ålesund, men utdanninga vart teken i Mexico. Ho har skipa eige galleri med namnet “Bortåt glaset” og drive med marknadsføring.

Magnus Urup Helle, frå Vinje i Telemark, fødd 1995. Han har ein bachelor i medievitskap frå Universitetet i Oslo og siste halvåret har han vore journalist i Vest-Telemark Blad, i Kviteseid i Telemark. Jobben der har overtydd han om journalistikken og han ynskjer å lære meir og bli meir allsidig. I skuleferiane har Helle arbeidd i butikk, vore barnehageassistent, pleiemedhjelpar på sjukeheim og servitør.

Ragnhild Voreland, frå Stord, fødd i 1995. Voreland er kvartermeister på Madla, der ho har forvaltningsansvaret for nesten 200 soldatar som er inne til fyrstegongsteneste. Ho utdannar seg no til personleg trenar. Frå før av har ho Befalskulen i Sjøforsvaret og Militær fysisk trening frå Forsvarets Høgskule. Før ho byrja i Forsvaret budde ho eitt år i Spania for å lære seg spansk. Voreland har vore leiar i Stord AUF, medlem av Stord Ungdomsråd og styremedlem i Sunnhordland Målungdom.