2. mars 2020

Kull 31 i arbeid

Fire av fem på kull 31 har fått seg vikariat som journalistar etter avslutta opplæring og praksis. Dei arbeider i NRK.no, innanriksredaksjonen i NRK Nyhende. kulturnytt i kultur og underhaldning og NRK Vestland i Bergen.

Oda Elise Svelstad har hatt praksis i Kulturnytt i NRK Nyhende og held fram der som vikar, i alle høve over sommaren. Det same gjer Vilde Gjerde Lid i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, der ho hadde praksis. Lars Volldal hadde praksisen sin i NRK-redaksjonen i Førde. Elias Håvarstein hadde praksis i NRK Rogaland, og har fått vikariat i NRK Vestland, i Bergen, fram til sommaren og sommarjobb i NRK Rogaland. Hans Ivar Moss Kolseth held fram på desken i NRK.no, førebels som vikar over sommaren.

– Vona mi er at 2019 lærde NRK-systemet at vi må tilsette nynorskbrukande journalistar om vi skal få ein stabil nynorskprosent på minst 25 prosent, og sleppe skippertak kvart år, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, som er NRK sitt eige rekrutteringstiltak for å auke bruken av nynorsk i media.