Kull 31:Elias Håvarstein, Oda Elise Svelstad, Lars Volldal, Vilde Gjerde Lied og Hans Ivar Moss Kolseth.
20. august 2019

Kull 31 på plass i Førde

Den 19. august var det 31. kullet med nynorskpraktikantar på plass i Førde. I haust er det 15 år sidan NRK Nynorsk mediesenter opna og vi har har lært opp 150 praktikantar, 57 prosent arbeider i media og 38 prosent er i NRK.

På kull 31 går det tre menn og to kvinner, fire vestlendingar og ein gudbrandsdøl. Elias Håvarstein er frå Rogaland, Oda Elise Svelstad frå Oppland, Lars Volldal frå Sogn, Vilde Gjerde Lied, frå Sunnmøre og Hans Ivar Moss Kolseth, frå Nordfjord.

Rune Fossum Lillesvangstu og Brit Jorunn Svanes er faglærarar for dei. Kull 31 får opplæring og praksis i Førde fram til jul og skal etter det ha to månader ekstern praksis. Den kan dei ha både i og utanfor NRK.

Les meir om bakgrunnen til kull 31 her