30. oktober 2019

Kull 32 klart

Dei fem nynorskpraktikantane kjem frå Telemark, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fire kvinner og ein mann. Det var 31 søkjarar til dette kullet og vi har hatt ti av dei inne til intervju, språk- og studiotest. Dei skal byrje på opplæringa i Førde 6. januar 2020. – Det var mange gode søkjarar til dette kullet, sterke nynorskbrukarar, motiverte for å bli journalistar og med ulike utdanningar. Vi håpar og trur at dette laget kjem til å ha det kjekt i lag og lære av kvarandre, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Dette er kull 32:

Astrid-Amalie Hetland (1999), frå Sviland, Sandnes kommune, Rogaland. Odelsjente med agronomutdanning frå vidaregåande og arbeider no som avløysar og i butikk. Ho er framleis nynorskbrukar, trass i eit sterkt bokmålspress både på ungdomsskulen i Sandnes og i den vidaregåande skulen på Sørlandet. Ho er aktiv i Speidaren og har dei siste tre åra vore med i redaksjonsnemnda for Speiderbladet, som kjem ut fire gonger i året. – Eg søkjer som nynorskpraktikant fordi eg likar å skrive og ynskjer å utdanne meg innan journalistikk og kommunikasjon. Dessutan vil eg gjerne medverke til at nynorsk vert meir brukt i det daglege, og ikkje berre på bygdene, skriv ho.

Trine Svanholm Misje (1993), frå Byrknesøy, Gulen kommune, Sogn og Fjordane. Tek no faget praktisk informasjonsarbeid ved Universitetet i Bergen, med praksis i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetssikring i høgare utdanning. Ho har ein master i offentleg administrasjon frå same universitet og emnet for masteroppgåva var EU si handtering av migrasjonskrisa i Middelhavet. I arbeidet med oppgåva minna rettleiaren henne om at det var forskingsarbeid og ikkje gravande journalistikk ho dreiv på med. Elles har Misje teke fag innan helseøkonomi, miljø- og ressursøkonomi og Europastudiar. Då ho tok bacehorgraden i adm. og org. vitskap var ho utvekslingsstudent ved University of i Queensland, Australia. Misje har arbeidd på oppdrettsanlegg, i butikk og heimesjukepleie, og på deltid som utdanningsassistent og mentor ved Universitetet i Bergen.

Sjur Mikal Dolve (1999), frå Tørvikbygd, Kvam kommune i Hordaland. For tida i fyrstegongsteneste i Militærpolitikompaniet i Bardufoss. Han har lenge visst at han vil bli journalist og dei siste tre åra har han vore ferievikar og ekstrahjelp i Hardanger Folkeblad, der han både skriv og fotograferer. Dolve er ein overtydd nynorsking og fekk sansen for radio alt då han gjekk på ungdomsskulen og hadde arbeidsveka si i NRK P3, på Marienlyst. – Eg har vakse opp på gard og lærde tidleg at hardt arbeid løner seg. I forsvaret har eg lært mykje om samarbeid og kommunikasjon i stressa situasjonar, som eg trur kan kome til nytte i journalistikken, skriv Dolve.

Guro Brattespe Lahus (1993), frå Bø i Telemark. Ho er i innspurten med ein bachelor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, og har frå før utdanning som grunnskulelærar frå NTNU i Trondheim. Lahus har også gått Karmøy folkehøgskule. Ho har arbeidd ti sesongar ved Sommarland i Bø, fem av dei som avdelingsleiar. Ei oppleving den fyrste sommaren sette spor: – Det kom ei dame inn i butikken der eg arbeidde. Ho var pratsam og etter ei stund sa ho. «Så bra at du ikkje snakkar den fæle Bø-dialekta! Den er så stygg på jenter!»  Dette fekk Lahus til å bli ein meir medviten dialektbrukar og oppteken av at Bø-dialekta måtte overleve, sjølv om språkforskarane seier at dette målføre held på å bli borte. Guro Brattespe Lahus er med i Bergen Student-TV, der ho har fått røynsle med å bruk av kamera og redigering.

Emiliy Louisa Millan Eide (1993), frå Ulsteinvik, i Møre og Romsdal. Ho er tilkallingsvikar, journalist og fotograf i Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. Ho har skrive og fotografert for avisa sidan 2011, og var somarvikar der dei både i år og i fjor. Eide har ein bachelor i einkamera TV-regi, frå Høgskulen på Lillehammer. Der hadde ho regi og skreiv manus til fem dokumentarar, var reporter på nyhendesaker og laga videoar for sosiale medium. Vidare har ho gått på Odder folkehøgskule i Danmark på lina for film- og tv-produksjon. Ho har studert hebraisk i eit år på ein språkskule i Israel. Eide var utvekslingselev i Bristol, England, andre året på vidaregåande. – Sjølv om eg er halvt engelsk og har snakka mykje engelsk i periodar, har eg alltid funne attende til Ulsteinvik-dialekta mi og nynorsken. Når eg møter andre som legg om språket sitt når dei flyttar vert eg trist, skriv Eide i søknaden sin.