6. januar 2020

Kull 32 er i gang

I dag byrja kull 32 med nynorskpraktikantar på opplæringa i Førde. Dei fire damene er på plass, men den einaste karen på laget kjem fyrst om ei veke. Forsvaret ville ikkje sleppe han frå seg før.

Dei fire som er på plass er sogningen Trine Svanholm Misje, rogalendingen Astrid-Amalie Hetland, sunnmøringen Emily Louisa Millan Eide og telemarkingen Guro Brattespe Lahus. Hardingen Sjur Mikal Dolve byrjar 13. januar. Les meir om bakgrunnen deira her

Kull 32 skal få opplæring og praksis i Førde fram til 1. mai. Då er dei klare for ekstern praksis i andre redaksjonar til ut juni. Og målet vårt er at dei då skal vere så dyktige at dei får seg sommarjobb og andre vikariat. Her gjeld det å ha trua, slik vi har hatt med 31 føregåande kull. Av dei 155 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss har 58 prosent arbeid i media, vel 40 prosent er i NRK, og 13 prosent arbeider for nettstader og aviser.