11. mai 2015

Kunngjering av pris

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har hatt møte og bestemt seg for kven som får prisen. Det vert kunngjort måndag 18. mai.

Det kom inn nær 30 framlegg til fristen 8. april, og juryen valde ein prisvinnar på møte 4. mai. For at prisen ikkje skal drukne i helg og fridagar ventar vi med å kunngjere prisvinnaren til 18. mai.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg i bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken innpass på nye område.

Prisvinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Prisen vart oppretta i 2004 som departementet si gåve i høve opninga av  Nynorsk mediesenter. Difor er leiaren for senteret sekretær for juryen.

Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta. I programposten “Medietimen” fredag 26. juni kl. 12.00-12.45. Håkon Haugsbø er leiar for juryen og står for utdelinga. I juryen har han med seg Agnes Ravatn og Svend Arne Vee.