5. juni 2018

«Betyr mykje for språkarbeidet i NRK»

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu har samla nesten 70 deltakarar til nynorskkurs.

KURSHALDARANE: Noralv Pedersen (t.v.) og Rune Fossum Lillesvangstu held nynorskkurs i NRK.

Det starta som eit prøveprosjekt og enda opp som eit internt kurstilbod for heile NRK. Til no har om lag 70 deltakarar vore på kurset «Skriv endå betre nynorsk».

-Nynorskkursa betyr mykje for språkarbeidet i NRK. Det er gull verd for medarbeidarane å få diskutere språk i tre samanhengande timar, og dei fleste har godt av språkleg oppfrisking, seier fungerande språksjef Ingvild Bryn.

Nyleg samla kurshaldarane Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu over 40 tilsette i NRK på Marienlyst til nynorskkurs. Etterpå var tilbakemeldingane gode:

 

Takk for strålande kurs! Flinke og underhaldande lærarar;)

 

Morsomt, hyggelig, lærerikt!

 

God oppfrisking og viktig å kjenne verdien av å bruke nynorsk.

 

Fortsett sånn med kurs, det er viktig og inspirerende!

 

Har lengta etter dette kurset i 30 år!

BOKMÅLSSMITTE: Rune Fossum Lillesvangstu viser korleis nynorsken blir påverka av bokmål.

«Nyttig også for bokmålsfolk» og «eg fekk lyst til å skriva meir nynorsk» var dessutan nokre av tilbakemeldingane då journalistar og fotografar i NRK Hordaland før jul vart kursa i nynorsk. Seinare har Pedersen og Lillesvangstu hatt kurs for journalistane i NRK Telemark, også der med gode skotsmål. No får alle redaksjonar og avdelingar i NRK tilbod om kurset. Målet er å nå ut med nynorsk, grammatikk og godt språk til så mange som mogleg i det store mediehuset.

-Det går forbausande fint å blande nynorsk- og bokmålsjournalistar, og det er heller ikkje noko problem at deltakarane kjem frå ulike miljø, seier Ingvild Bryn.

-Det er svært kjekt å reise rundt og møte folk som er engasjerte i språk, uansett om dei er nynorsk- eller bokmålsbrukarar. Vi opplever ofte at det blir diskusjonar om kva som er godt språk, og ingenting er betre enn det, seier faglærar Rune Fossum Lillesvangstu ved NRK Nynorsk mediesenter.

Vil gje folk sjølvtillit i nynorsk

Bakgrunnen for kurset er «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018», der det vert tilrådd kurs for å styrkje nynorskkompetansen i NRK. På oppdrag frå språksjefen har NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane gått saman om å gjennomføre kursa internt i organisasjonen. Emna for kurset er NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, korrekt språk og godt språk.

Kurshaldarane har fokus på ein lett og god tone, munnleg undervisning og små øvingar undervegs. Dei har også ein spennande Kahoot-kviss. Målet er å gjere folk stødigare i nynorsk, slik at fleire dristar seg frampå med nynorske tekstar.

-Stortinget har vedteke at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer, men vi har dei siste åra dessverre sett at pilene peikar feil veg. Eg håpar vi med dette kurset kanskje kan inspirere og gje folk sjølvtillit nok til at fleire vil skrive nynorsk, seier Lillesvangstu.

STERKE VERB: Noralv Pedersen går gjennom bøying av sterke og svake verb.

– Underviser med smil og humør

Målgruppa for kurset er såkalla «sovande nynorskbrukarar», bokmålsbrukarar på NRK.no og andre nettredaksjonar og nynorskjournalistar som treng oppfrisking av målforma si.

-Det var nesten litt fantastisk å få eit kurs midt i arbeidstida der vi vart inviterte til å tenkje høgt saman omkring språket generelt og nynorsk spesielt. Og ein må ikkje vere nynorskbrukar for å ha glede av dette kurset. Bokmålsfolk må og kunne nynorsk, særleg i NRK, og dessutan er godt og tydeleg språk ei like viktig oppgåve på begge målformer, sa kursdeltakar Elin Helgheim etter at kurset vart halde i Bergen.

Fleire redaksjonar har signalisert interesse for kurset. Mellom anna ligg det an til nynorskkurs i NRK Møre og Romsdal. Språksjefen oppmodar alle redaksjonar om å arrangere språkkurset.

-Å ha gode lærarar er viktig. Det hugsar vi alle frå skuledagane. I Rune og Noralv har vi to dyktige lærarar som underviser med smil og humør. Begge er storarta pedagogar. Noralv legg vekt på både grammatikk og god flyt i språket, og han har også ein kort del om kommareglar. Det er ein fordel at Rune har bokmål frå grunnskulen i Molde. Det gjer at han har eit ekstra innsyn i kva som kan vera vanskeleg når bokmålsfolk skal læra seg nynorsk, seier Ingvild Bryn.