25. oktober 2010

Kva skal barnet heite?

I dag har det vore namnedebatt på loftet. Eg trudde eg var aleine i å namngje dingsane mine, men det viser seg at det er eg ikkje. Debatten byrja med at Hans Kristen kunne meddela at hans nye PC, etter ei demokratisk avstemming, har fått namnet «Ylva». Han kan skilta med at skrivaren hans heiter […]

I dag har det vore namnedebatt på loftet. Eg trudde eg var aleine i å namngje dingsane mine, men det viser seg at det er eg ikkje.

Debatten byrja med at Hans Kristen kunne meddela at hans nye PC, etter ei demokratisk avstemming, har fått namnet «Ylva». Han kan skilta med at skrivaren hans heiter «Sina», og at dei andre (gamle) PC-ane heiter «Skrabben» og «Herdis». Karl Kristian sin Mac heiter «Appu», medan iPhonen hans heiter «Appelina».

Eg har køyrd ei litt britisk, aristokratisk linje med PC-ane mine. Dette fordi eg hadde eit epostprogram der ein butler kom ut og sa: «You have mail, madam» kvar gong eg fekk epost. Ein PC med butler kan ikkje heita ting som «Knut» eller «Are». Difor heitte den fyrste «Stewart», og den eg har no heiter «Howard». Mobiltelefonen min er så sexy at han kunne vore pornostjerne. Difor heiter han «SzaSza».

No har eg også fått meg ein ekstern harddisk. Den var namnlaus. Det er den ikkje lenger. Etter samtale på loftet, har min hardtarbeidande eksterne harddisk fått namnet «Jorge». Det vert uttala ekstremt nasalt: «Hårrhe».

Eg er generelt ganske interessert i namn. I dag har eg lest i lokalavisa på Jæren at det har vore handballturnering for barna. Den heiter «Potetcup». Nydeleg. Slik skal ein namngje ting.

Presisering

Eg vil gjerne presisera at mobilen min ikkje er pornostjerne. Men hadde han villa, skulle han pigade fått lov.

Forelesinga for dagen

I dag har me hatt staseleg vitjing av Anders Børringbo. Eg har ingenting å sei om namnet hans. Det var ikkje det som var tema.

Han har snakka om korleis ein kan laga gode reportasjar til Dagsrevyen. Det var kjekt! Han er jo rasande flink. Og me fekk ein del fine tips og triks. Og så fekk me sjå masse TV. Då trivs eg. Eg er glad i å sjå på TV.

Spesielt humor syntes eg det har vore i dag når me har sett ymse politikarar og leiarar som vert litt lange i maska. Nokre blei beint fram sure på spørsmåla dei vart stilt! Då kjenner eg at eg vert litt fandenivoldsk.

Om ein er politikar, har ein valt eit yrke der ein naturleg havner i media sitt søkelys. Å då bli sur fordi nokon er kritisk til kva midler ein får, tykkjer eg er på grensa til patetisk. Det er ikkje mogleg å berre få positiv kritikk. Det kan me skriva under med tjukk tusj på her på loftet!

Men me vert ikkje sure. Og me er ikkje politikarar. Me er ikkje drivne i mediekjøret (enda). Og me har ikkje fleire proffe folk bak oss som har som einaste oppgåve å trena oss i kritikk. Det har politikarane. Eg kjenner at enkelte av dei bør (som ein seier i Stavanger) ta seg ei pære.

Gode historier

Anders Børringbo snakka om gode innfallsvinklar til saker. Eit litt festlig grep, er det at «Ingenting = god historie». Hæ? Her har de eit døme på det. Dette syntes eg var svært finurleg. Bildebruken i denne saka er heilt enorm. Samt at dei har funne eit intervjuobjekt som var over snittet godt. Eg likte spesielt godt når dei går bort til vakta utanfor Melodi Grand Prix-området. De må rett og slett sjå denne saka.

Futurum

Denne veka trur eg ikkje eg skal blogga kvar dag. Men litt vert det, no. I morgon byrjer me på desken! Eg veit liksom ikkje om eg gruer eller gler meg. Men trur eg skal bestemma meg for å gleda meg.

No er vår tid på det trygge, gode loftet er forbi! No ventar den verkelege verda. Eg tek på meg vernebriller og brynje og hopper i det.

Og, kjære landsmenn.. Hugs: Ingenting er viktig det også.

Med skrekk, glede og ingenting

Hilde Matilde