22. februar 2013
av Magni Øvrebotten

Kvar skal eg i praksis?

I dag har eg sendt ut vitnemål og attestar til kull 17, som er ferdige om ei veke. Samstundes byrjar vi å undersøkje praksisplassar for kull 18, som 4. mars byrjar i intern praksis i NRK Sogn og Fjordane. Og før påske må kull 19 vere lyst ut. Kvar kull 18 skal i praksis må […]

I dag har eg sendt ut vitnemål og attestar til kull 17, som er ferdige om ei veke. Samstundes byrjar vi å undersøkje praksisplassar for kull 18, som 4. mars byrjar i intern praksis i NRK Sogn og Fjordane. Og før påske må kull 19 vere lyst ut.

Kvar kull 18 skal i praksis må også vere avklara før påske. No gjeld det å få dei plasserte i redaksjonar der dei får synt kva dei er gode for. Det gjeld å treffe og fnne balansen mellom ambisjonane deira og kor langt dei har kome som journalistar, slik vi ser det. Dette er tida for vonbrot og forventningar, brutale sanningar og møysommeleg oppbygging av ny sjølvtillit. Det er krevjande, men det må til.

Nokon gonger er vi svært overtydde om at det er rette redaksjonen for vedkomande praktikant, andre gonger murrar tvilen og vi sender dei frå oss med vondt i magen. Men som regel går det fint. Når eg kjem på besøk, ein månad ut i den eksterne praksisen, møter eg fornøgde praktikantar og vellæte frå fadrar, vaktsjefar og redaksjonsleiing. Vi har treft, nok ein gong. For ei lette!

Men for kvart nytt kull er det å starte framanfrå att. Kvar einskild har denne sjansen til å få følgt draumen om kvar dei skal arbeide som journalistar, og det er min jobb å finne ut om dei har kunnskap og røynsle nok per dags dato til å bli sende dit. Eller om det tener dei og framtida deira som journalistar best at dei ikkje stilar så høgt. Draum og røyndom er ikkje alltid para, og det kan vere hardt å svelge. Men i ettertid er dei aller fleste glade for å ikkje bli kasta på for djupt vatn.

» Magni vil ha oss til distriktskontora» høyrer eg ofte, og det er sant. Ein vert ikkje utlærd journalist på seks månader, sjølv om ein er dyktig. Alle treng mengdetrening og det får dei mest av på distriktskontora, og der får dei halde fram som fleirmediale, slik vi lærer dei opp til å vere. Det vil seie at dei skal meistre både nett, radio og fjernsyn.

Før 22. mars skal kull 18 få avklara kvar dei skal i ekstern praksis, det vert både riks og distriktskontor denne gongen også. Dei byrjar 29.april og er ferdige til 1. juli. Det går sikkert fint denne gongen også.