17. februar 2016
av Randi Indrebø

Kvar vart tida av?

Me er allereie i sjuande veke, og tida har floge forbi. Eg har aldri lært så mykje på så kort tid. Dei første seks vekene har vore hardt, gøy, lærerikt, vanskeleg, morosamt, utfordrande… alt på ein gong. For å summere litt opp, tar eg for meg veke for veke.

 

Veke 1

Eg trur eg kan skriva under på at det var ein spent gjeng som møtte på NRK fyrste dag. Heldigvis vart me tatt godt imot av mediesenteret og redaksjonen. Me fekk omvising, gjennomgang av opplæringsplanen og kort innføring i korleis redaksjonen fungerte. Seinare på kvelden vart me beden ut på ein hyggeleg middag saman med vaktsjefar og leiinga i NRK Sogn og Fjordane.

Når det gjeld opplæringa, kom me kjapt i gong med opptaks- og redigeringsprogrammet Digas og tekstbehandlingsprogrammet ENPS.

Digas

Digas

 

Me lærte også korleis bandopptakar og opptak med «Report-IT»-appen fungerte.

Allereie fyrste veke vart me utfordra av faglærarane, og skulle levera eit fullverdig radiointervju med blokk. Fordi det var ei øving, kunne me intervjua nokon i redaksjonen om kva me ville. Eg tok tak i journalist Geir Bjarte Hjetland, som ved sida av journalistjobben arrangerar laurdagsquiz på uteplassen Pikant. Det blei ein morosam litan reportasje.

Fyrste veka fekk me også tid til å byrja på den journalistiske opplæringa, blant anna om APUS-modellen. Her har eg som utdanna journalist sjølvsagt ein fordel, men repetisjon er aldri feil. I tillegg har eg lært mykje nytt.

 

 

Veke 2

Me møtte praktikantane i Nynorsk Avissenter for første gong, og samla oss i Firda for å ei solid innføring i fylket av Arve Sandal. Om kvelden var me på Jølster og besøkte Fjordamattunet saman med avispraktikantane.

Denne veka byrja me også å utvikle idear, gjere intervju, og kome med utkast til radioreportasjar. Utdanningsdirektoratet hadde nyleg kome med tal på læreplassar, og eg bestemte meg for å laga ei lokal sak på dette. Dei fyrste utkasta vart grundig vurdert av lærarane, noko som kom godt til nytte.

 

Veke 3

Denne veka fekk alle av praktikantane på mediesenteret sin radiodebut på P1 Sogn og Fjordane. For eit kick! Eg fekk heile tre saker på lufta:

I arbeidet med dei to sistnemnde sakene blei eg utfordra av faglærar Terje Gilleshammer. Eg haldt på med ei sak om mange beinbrot på isen i fylket då nyheita om at fire var smitta av svineinfluensa i Ålesund kom. Terje bad med om å lage noko på sistnemnde sak også, og gjennom Helse Førde fann eg ut at svineinfluensa berre er vanleg.

Dette måtte bli ei radiosak, og den måtte ut så kjapt som mogleg. Dermed blei det til at eg jobba med den eine saka medan eg venta på telefonar om den andre. Eg opplevde arbeidsmetoden som effektiv, for i journalistyrket blir det unødvendig mykje venting på telefonar.

I den tredje veka fekk me også besøk av logoped Jorid Løvbakk. Gjennom ein heil dag lærte ho oss å finne nyheitsstemmene våre, og korleis me tok dei i bruk. Takka vere Løvbakk var forbetringa stor blant alle praktikantane. For ei dyktig dame!

 

Veke 4

Nettredigeringsverktyet Polopoly stod for tur. Journalist og komande faglærar på mediesenteret, Rune Fossum, lærte oss korleis me skulle skriva saker til nett, og korleis me sat saman saka i Polopoly.

Eg laga ei nettsak om at minnet kan svikte på lågkarbo. Fitnessutøvar Ingeborg Sol Fure opplevde å miste store delar av korttidsminnet på lågkarbodiett, og difor brukte eg ho som case. Ein ernæringsfysiolog i Helse Førde og lågkarbo-forkjempar Fedon Lindberg uttalre seg om sine synspunkt i saka (nettsak her). Eg tok lydopptak av alle intervjua, og fekk dermed laga ein radioreportasje i same slengen (radiosak her).

Denne veka hadde me også ei kort, men god, innføring i intervjuteknikk med journalist Erlend Blaalid Oldeide.

 

Veke 5

Mobiljournalistikk. Så kjekt, og samstundes så viktig i dagens raske samfunn. Me fekk innføring i ulike appar for opptak og redigering av bilete, lyd og video.

Me lærte også korleis ein kunne få til gode bilete og filmar, korleis ein skulle redigere dei for nett og SOME. Under MoJo-kurset blei me også introdusert for appar for komprimering, deling og sending av filer. I tillegg prøvde me direktesending frå Facebook. Morosamt!

Når ein skal sikre seg gode kameravinklar.

Når ein skal sikre seg gode kameravinklar

Solveig melder vêret direkte frå mediesenteret

Solveig melder vêret direkte frå mediesenteret

 

 

 

 

 

 

 

Same veke byrja me med opplæring av ordentlege videokamera og redigeringsverktøyet Adobe Premiere Pro. Sjølv om eg har vore borti begge delar før, var det godt med ei oppfrisking. I tillegg lærte eg mange nye snarvegar i Premiere. Steinar Lote er heilt rå på snarvegane!

Me gjorde også ei kort TV-øving, og redaksjonen måtte igjen stille som prøvekaninar. Eg tok takk i Eva Marie Felde, som var bulletin-opplesar den dagen. Heldigvis for meg var ho supernervøs fordi det var lenge sidan ho hadde brukt studio. Dermed blei det litt action før sending også.

Mot slutten av veka hadde Linda Olin Reite høyrt gjennom radiosaka eg laga om lågkarbo og korttidsminne, og synetst den var så viktig at det burde bli ein TV-reportasje også. Eg vart i ekstase, tok med meg klassekamerat Martin Torstveit, og reiste ut for å filme fitnessutøvaren fredag ettermiddag. Eg hadde bestemt meg; saka skulle på Vestlandsrevyen!

 

Veke 6

Eg hadde jobba helg på ei samlarmesse på Skei. Eg hadde ikkje store forventingar til messa, og trudde eg kom til å møte mange sære samlarar. Det gjorde eg for så vidt, men i tillegg fekk eg nokon overraskande fakta og historiar. Difor vart det både nettsak med video og radioreportasje herifrå.

Tysdagen etter samlarmessa fekk eg ein e-post om at P1+ hadde lånt saka mi til kveldssendinga Radiolangs. I tillegg blei saka om lågkarbo og korttidsminne sendt på Kveldsåpent på P1. Me laga ferdig TV-reportasjen om same sak, og sanneleg blei den sendt på Vestlandsrevyen. Tilbakemeldinga frå NRK-vaktsjef Mikal Olsen Lerøen var heldigvis gode. Det er lenge sidan eg har vore så stolt.

Her er Vestlandsrevyen frå denne dagen (saka kjem på 2:55).

Resten av veka hadde me Helle Fjelldalen frå Dagsrevyen på besøk. Ho underviste oss i TV-kommentaren, og kom med eksempel på TV-reportasjar med både gode og dårlege kommentarar. Gjennom fleire øvingar la me eigne kommentar på reportasjar, og blei vurdert. Her også var forbetringskurva bratt for samlege praktikantar. Tre lærerike dagar!

 

Slik såg pulten til Aleksander ut etter kommentarkurset:

 

No ser me fram mot Fjellsportfestivalen i Sogndal og besøk på Marienlyst-kontoret i Oslo.