20. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Kvifor gidde å bli journalist?

Kvifor vil nokon ha eit yrke der ein skal oppsøke konfliktar, spørje mange plagsame spørsmål og grave i andre menneskjer sin jobb og privatliv? Eg har spurt meg det same sjølv. Eg slit ofte med å forstå motivasjonen til dei journalistane som brukar mange arbeidstimar på å lage svære saker ut av små problem. Når […]

Kvifor vil nokon ha eit yrke der ein skal oppsøke konfliktar, spørje mange plagsame spørsmål og grave i andre menneskjer sin jobb og privatliv? Eg har spurt meg det same sjølv.

Eg slit ofte med å forstå motivasjonen til dei journalistane som brukar mange arbeidstimar på å lage svære saker ut av små problem. Når journalistane pressar på i bagatellsaker, som Valla-saka, Navarsete/Broch og Haga-saka (orsak for den dårlege spredninga på dømer), så forstår eg ikkje korleis dei klarer å finne motivasjon til å vakne opp om morgonen og reise på jobb. Å bidra til at personar, som har gjort ein bagatellmessig liten feil, skal miste jobben og stemplast som syndebukk, er ikkje noko eg drøymer om. Eg drøymer heller ikkje om å skrive om kjendissladder eller om pupper, flått og lågkarbo.

Av og til må ein gjere kjipe arbeidsoppgåver som journalist. Av og til må ein også gjere vanskelege oppgåver, som å intervjue og ringe til folk som nyleg har opplevd ei tragisk oppleving i livet sitt, eller mista ein av sine næraste.

Kvifor vil eg då vere journalist? Kor finn eg motivasjonen, som veg opp for dei kjipe oppgåvene? Jo. Som journalist har ein mulegheit rette søkelyset mot det som verkeleg betyr noko. Ein journalist kan syne fram kva som er urettvist. Ein journalist kan bidra til å finne gode løysingar på vanskelege utfordringar. Ein journalist kan bidra til at det vert enklare å forstå komplekse problem.

Så kan ein jo spørje seg om eg nokon gong vil komme dit at eg kan vere ein slik journalist. Det vil tida vise. Min motivasjon er i det minste at eg kanskje, ein dag, kan vere med på å bidra til å påverke det norske folk til å bry seg om dei tinga som eg meiner er viktig. Bidra til at me ser lenger enn nasetippen vår, og ser dei muligheitene me har til å kunne gjere noko med det som er urettvist. Eg er ikkje ute etter at alle skal meine det same som meg. Det er eit galt utgangspunkt. Men eg er ute etter at me skal bli endå flinkare på å ha eit meir globalt perspektiv på vårt liv og samfunn, og eg er ute etter å synes fram alternative røyster og alternative perspektiv til dei som allereie finnes.

Den store draumen er å kunne jobbe med afrikarelaterte saker. Afrika er kontinentet eg har lagt min elsk på, og eg ser eit stort behov for meir kunnskap om Afrika blant norske journalistar. Dei siste dagars hendingar i Mali og Algerie har stadfesta for meg at det er behov for journalistar som har Afrika, og særskild det frankofone Afrika, som spesialfelt. Dekninga av gisselaksjonen ber preg av at redaksjonane hankar inn ekspertar på området for å forklare sjåarane kva som skjer nede i Afrika. Men dei fleste journalistane har ikkje særleg mange kritiske spørsmål å kome med til ekspertane sine analysar, og dekninga vert til tider ganske overflatisk. At NRK sin korrespondent fram til i går har rapportert om situasjonen i Mali frå Nairobi, ser eg på som eit bevis på at dekninga av dette store kontinentet er for dårleg per i dag. Ikkje har det blitt rapportert noko særleg frå Mali heller, det halvanna året som det har vore uro. Og at TV2 sin utsendte no står i Bamako og rapporterer om det som skjer i Algerie, viser at det ikkje er alle på TV2 sin desk som har forstått skilnaden på Vest- og Nord-Afrika. Alt det han «rapporterer» om frå Algerie, har han jo uansett lest på nettet. Då kan han like gjerne halde seg heime i Noreg. Kvifor ikkje rapportere om det som skjer i Mali, når han først er der? Det er verdt å rapportere om det også, sjølv om det ikkje er nordmenn og norske oljebedrifter direkte involvert.

141

Ja, biletet er frå Mali. Ingen fluger, svolt eller krig. Situasjonen er litt annleis no, og det er vanlegvis dei situasjonane me høyrer om. Eg vil gjerne bidra til å syne fram begge sider.

Afrika er også eit kontinent med ei spennande framtid. Det ligg nær Europa, og har eit stort potensiale om det berre vert litt meir orden på styresetta. Samstundes er Afrika eit kontinent som nordmenn har mange fordommar til. Det er eit kontinent me kjenner gjennom ei skeiv mediedekking over mange tiår. Dette er også noko eg ønskjer å bidra til å endre om eg vert den journalisten eg ønskjer å bli. Ved å jobbe i media kan ein påverke kva som skal setjast på dagsorden til ei kvar tid. Det er eit stort ansvar, men det er eit ansvar eg er villig til å ta. Som journalist vil eg bidra til gode refleksjonar og meir kunnskap kring tema som betyr noko. Det er det som driv meg framover. Det er det som gjer til at eg er villig til å investere tid og krefter på å bli journalist.

Nokon vil kanskje seie eg tek munnen full når eg deler mine draumar for framtida, og andre vil seie at det er urealistisk. Kanskje det, vil eg svare då. Men det er verkeleg verdt eit forsøk. Og om eg ikkje vert journalist i Afrika, så vil all erfaringa eg tek med meg på vegen mot draumen, uansett kome godt med.