29. september 2010

Labyrinten

Minst blant Europas kollegaermen størst i vårt lille lange landplassert i Skandinavias skjødligger byen med det rare navn(Lars Lillo Stenberg)I eit lite småfly frå vesle Førde landa vi praktikantane på ei lang flystripe utanfor store Oslo.I hovudsak kom vi for å få innsyn i NRK si storskute på Marienlyst.Under visitten vart det tid til besøk […]

Minst blant Europas kollegaermen størst i vårt lille lange landplassert i Skandinavias skjødligger byen med det rare navn(Lars Lillo Stenberg)I eit lite småfly frå vesle Førde landa vi praktikantane på ei lang flystripe utanfor store Oslo.I hovudsak kom vi for å få innsyn i NRK si storskute på Marienlyst.Under visitten vart det tid til besøk i fleire redaksjonar og studio.Som her i Dagsnytt 18:…i p3-morgen:og i min favoritt, NRK Sporten:D18p3

Då vi vitja sistnemnde, saman med guide og NRK-sportsjournalist Geirmund Henjum, følte eg meg nær ein gammal draum. Sidan fyrste gongen eg gjekk opp trappene på eit fullsett Brann stadion har eg hatt eit brennande ønske om å vere sportsjournalist.Og i Oslo vakna denne draumen verkeleg til live.Men det er tydelegvis ikkje “bare-bare” å søke seg som praktikant til avdelinga. Ifølgje redaksonssjefen, Espen Graff, kjempar mange journalistar om få tilkallingsvikar-plassar.Men kanskje er det verd å ta opp kampen, bare for å sjå om ein klarar å halde seg oppreist?Eg trur det.Ein del nynorskpraktikantar har prøvd seg i Oslo, og fleire har lukkast. Til alt frå Dagsnytt til Nitimen har dei spreidd seg, og ifølgje dei sjølve fått nok å jobbe med.Erfaringar frå dei tidlegare studentane ved NRK Nynorsk Mediesenter fekk vi høyre ofte under besøket. Og sjølv om jobbmarknaden i bransjen kan verke trang og avskrekkande, fekk eg ein slags tryggleik når praktikantane gledeleg fortalde om kvardagen sin på hektiske NRK Marienlyst.Om det blir Oslo-praksis på meg kan ikkje seiast sikkert enno. Ein drøy månad ut i kurset er det for tidleg å ta avgjerda.