21. mars 2013
av Magni Øvrebotten

Lærestaden Førde

15. april er søknadsfristen både for dei som tenkjer seg å bli journalistar i NRK og andre etermedia og avis/nett. NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter har sams søknadsfrist. Dei for kull 1, vi for kull 19. Dermed er vi litt fleire med vondt i magen ein månads tid framover, fordi journalistspirar stort sett søkjer […]

15. april er søknadsfristen både for dei som tenkjer seg å bli journalistar i NRK og andre etermedia og avis/nett. NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter har sams søknadsfrist. Dei for kull 1, vi for kull 19.

Dermed er vi litt fleire med vondt i magen ein månads tid framover, fordi journalistspirar stort sett søkjer siste natta. I mellomtida trur dei pessimistiske av oss at det ikkje kjem søknader. Eg lærer det aldri, men har lært meg å leve med to månader i året med jamt over dårleg mage.

Nynorsk avissenter og vi skal samarbeide om opptak, så dei som søkjer begge plassar og blir kalla inn til intervju hjå begge, må rekne med jobbintervju i Førde same dagen. På den måten kan vi dele på ein stor utgiftspost: reisekostnader.

Berre 7 % Frå midten av august er det ni nynorskpraktikantar under opplæring i Førde, med base i redaksjonane til verdas største nynorskavis Firda og NRK Sogn og Fjordane. I Førde gjer vi det ingen av journalistutdanningane har brydd seg med, nemleg å lære opp nynorskbrukande journalistar. I 2011 var berre 7 % av dei som tok journalistutdanning her i landet nynorskbrukarar. Det er liten grunn til å tru at det talet har teke seg opp. NRK Nynorsk mediesenter lærde åleine opp fleire enn journalistutdanningane.

No vert det to lærestader for nynorskbrukande journalistar i Førde. Det er ein viktig milepel for nynorsk i media, i ei tid då diskriminringa av nynorsk i riksavisene kjem tydeleg fram. BT-journalistane som skriv nynorsk i den avisa vert omsette til bokmål når intervjua deira vert brukte i Aftenposten, og bortsett frå klubben i eiga avis er det påfallande stilt om dette frå Norsk Journalistlag. Der i garden har ein aldri brydd seg med språket, sjølv om det er den viktigaste arbeidsreiskapen for alle journalistar.

Omsett til bokmål Då Hilde Sandvik, i Bergens Tidende, fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i fjor, fortalde ho at det fyrste ho måtte gjere når ho kom attende på jobb var å skrive eit portrettintervju med ein svenske på bokmål, fordi Aftenposten ikkje ville trykke det på nynorsk. Det er prisen nynorskbrukarane i BT og Stavanger Aftenblad betalar for at avisene deira er med i hopehavet i Media Norge, saman med Aftenposten, Fædrelandsvennen og Finn.no. Selskapet har hovudkontor i Bergen og det heiter seg så flott at «Et eget avtaleverk skal sikre at Media Norge bidrar til kvalitetsjournalistikk, og at den regionale tilknytningen og det lokale særpreget for hvert enkelt mediehus opprettholdes».  Det gjeld berre ikkje nynorsk.