28. februar 2013
av Magni Øvrebotten

Læringskurva

Vi har vore her i to månadar. I løpet av desse to månadene har vi skvisa inn store mengder informasjon i hovuda våre. Og meir skal det bli. Eg har kome inn i fagterminologien (sync, supre, aksebrot, blokk, bull …), og har blitt introdusert til mykje teknisk (Digas, Final Cut Pro, ENPS, Polypoly, Photoshop, Ediroll, […]

Vi har vore her i to månadar. I løpet av desse to månadene har vi skvisa inn store mengder informasjon i hovuda våre. Og meir skal det bli.

Eg har kome inn i fagterminologien (sync, supre, aksebrot, blokk, bull …), og har blitt introdusert til mykje teknisk (Digas, Final Cut Pro, ENPS, Polypoly, Photoshop, Ediroll, P2-kamera …) Alt dette nye gjer at eg ofte føler meg på usikker grunn. Det er ikkje usannsynleg at kjensla vil vare ved.

Stadig vekk får eg små aha-opplevingar som gjer at eg kjem meg gjennom ei sak  litt kjappare og med litt betre resultat.  Månadane framover vil nok by på frustrasjonar og stress i kroppen, men etter kvart vil ting vil gli mykje betre om eg berre held fram den kurva eg har hatt til no. Då får det berre gå at det vert nokre kjipe dagar innimellom fram til dess.

Om nokre få dagar byrjar eg i internpraksis i NRK Sogn og Fjordane. Føljetong ventar, seier eg berre.