9. februar 2018

Laga podkast med kreativ vri på OL

Høyrt om OL i blokkfløyteskihopping? Eller aking med snøballkasting? Praktikantane på kull 28 er ute med splitter ny podkast – og OL er naturleg nok tema.

DEBUTERER MED PODKAST: Turid Astrid Reksten (f.v.), Fredrik Helland, Bente Kristin Kjøllesdal, Anders Martin Helle og Sigrid Sivertsen Haugan.

Praktikantane sitt sterke ønske om å lage eigen podkast har materialisert seg i debutepisoden «Jabbelauget OL-spesial». Her losar programleiar Anders Martin Helle medpraktikantane gjennom kreative forslag til nye OL-greiner, artige OL-kuriosa og spalta ordspelemannslaget. Fredrik Helland er med som utanrikskorrespondent frå den vestlegaste byen i Norge, der ungar i Florø er med på aking og forslag til nye OL-greiner.

Det er aller første gong at praktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter har prøvd seg på podkast.